Styremøte 4/12-2025

STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TORSDAG 4/12-2025

KLOKKA 15.30 PÅ «GAMMELKJØKKENET», BRUSVE,LEVANGER

Forfall: Gunnar Kjlen

Underskrivne møtte.

SAKER:

  1. ØKONOMI
  2. FØREBUING TIL ÅRSMØTET
  3. ARRANGEMENT OG AKTIVITETAR
  4. ORIENTERINGAR
  5. EVENTUELT

1.ØKONOMI

   -Status ved sal av årbøker og kalendrar pr. 30/11-25 v/kasserar.

   Salet har gått bra. Oversikt utdelt. Trykkeriet er betalt.

  -Godtgjering for oppdrag m.v. v/Ove som orienterer.

  Utdelt framlegg.

  Ulikt syn, men vi går for framlegget (ikkje avstemming).Sjå side154.

  -Framlegg til «omsetting» av eldre årbøker. Notat utdelt.

  VEDTAK: Som framlegget (Notat) Sjå s. 154.

2. FØREBUING TIL ÅRSMØTET

    -Valnemnda.

    Sekretær har skrive til valnemnda dei seinare åra, men bad seg friteken.

    Leiar/Oddny skriv til valnemnda og set dei i arbeid.

    -Innslag på årsmøtet etter årsmøteforhandlingane er avslutta.

    Tema: Arbeidet med å skrive bygdebok i dag.

    Nils Vestrum blir beden om å fortelje om bygdebokarbeidet på Ekne og har

    sagt seg villig.

   -Leiar skriv framlegg til Årsmelding etter innspel frå ansvarlege i

    dei ulike gruppene.

   -Utkast til oppdaterte vedtekter gått gjennom.

   Endringane gjeld berre presiseringar i dei gjeldande vedtektene og

  vart vedtatt å legge fram for årsmøtet.

  3.ARRANGEMENT OG AKTIVITETAR

     -Evaluering av migrasjonsprosjektet «Utvandring».

     Vedlegg: Eit fyldig referat av «Storsamlinga» og 10-12 «grendamøte»

     med i alt 7-800 frammøtte. BRA!

     -Medlemsblad. Kjem til jul.

     -Lansering årbok på Brusve 12. november. BRA! Godt oppmøte.

     -Samarbeid med bymuseet Brusve v/Ove. Samarbeidet held fram. Ove møter.

     -Jul på Brusve 6/12.

     -Slekts-kafe`og foredrag v/Einar.

     Frode Resve snakka. Bra oppmøte. Leiar tar opp møte vedr. organisering.

4.  ORIENTERINGAR

     -HelleristingsfeltetHoltåsen v/Jostein. Førebels tildekt.

                                                     Styret ønskjer oppfølgjing i 2026.

     -Møte med fotomuseet v/Oddny – som har snakka med Aud Åse

                                         ved fotomuseet. Opplæring for oss vedr. bilder.

     -Møte Rotary 13/1-26 – foredrag om Levanger historielag.

EVENTUELT

Neste styremøte 6. januar-2026.

Underskriving av protokollen for desembermøtet.

 Boka godkjend. 

Åshild Bjørgum Øwre, ref. (s.).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *