Gamle vegtraseer/Ferdaveger
Jeg har lest en god del gamle bøker om gamle ferda-veier og hare her samlet opp en del notater og veier fra Markabygda mot Buran i Okkenhaug som ble brukt i eldre tider før hjulet ble vanlig her i Norge. Også Markabygda imot Skogn.
Vegen over Skjøtingen er nå dessverre mye av denne borte, da den lite brukt. Men Frem til Reistad-bustaden er den godt merket, som Pilgrimslei. Men det hadde vært moro for oppfrisket denne frem til Lavøya og andre plasser. Etter Reistad bustaden og imot Reistad-dammen er det få spor etter den. Det har vært forsøk merke den opp også mye av dette er blitt borte.
Mulig at en skulle ha fått Forminneforening eller Riksantikvar til å foreta seg noe. For etter som det står i bøkene er denne farvei vært brukt lenge 1000 kanskje 2000 år. Når en leser om området Åsmoene og rundt i Buran i Okkenhaug så ser det ut som disse har vært et knutepunkt i eldre tider, mye av dette er også dessverre borte i dyrking av landskapet. Mulig også de som har tilgang til satellittbilder og Lidarteknologi kunnet gjort et fremstøt? Mange har mye bedre greie på dette enn meg, men jeg ønsker å få dette synliggjort for våre etterkommere. Her er noen utdrag jeg har funnet både i Levanger Historielag sine årbøker og Skogn Historie.
Tormod Hovd
Dersom ein skulle til Verdalen eller bygder lenger inn, gjekk beinaste vegen om Grønningen fram til indre Markabygda, der ås høgda Hjelmen var merkepunkt. Herifrå tok vegen seg opp mot Tomtvatnet og gjekk nordetter langs ein jamn åsrygg som med tida vart kalla Skjøtingen eller Støttningan, — begge namn vil seie «Snarvegen».
Ein kom da fram til Kolberg i øvre Frol. Her var det vegskil. Skulle ein til Geite eller grenda derikring, tok ein ned «Brekka» og over eit mindre vad ved Munkrestad. Skulle ein lenger nord etter, tok ein ned til eit vad ved Restad, og hadde grei line over Okkenhaug og Kløvjan til Vinne. Dersom ferda skulle gå til landet nord om Verdalselva, gjekk vegen frå Restad over Buran og i Tromsdalen, Levringan og Steine til vad ved samanlaupet av Inna og Helgåa (terrenget Holmen—Grunnan). Derifrå var det grei line ned gjennom Verdalen og over til Røra, Sparbu og Inderøya. Skulle ein til Steinkjerområdet, gjekk beinaste vegen over Leksdalen. Det kunne og vera tider da ein kunne vada storelvane. Da kunne ein koma over Stjørdalselva ved Re. 1 ) Vegen måtte omgå Langsteinen gjennom eit indre dalføre og kom da fram vest om Hoklingen, gjekk gjennom Åsen, Skogn og nedre Frol og over Verdalselva ved Re (no Sundby—Melby).-) Herifrå kunne så vegen gå over Røra til Steinkjer-området. Denne vegen var kortare og gjekk meir gjennom bygdene. Folk som reiste utan hest, kunne til kvar tid nytte denne «nedre» vegen og koma over elvane med båt.
Ref Skogn Historie Band III
Den Eldste E6 Gjennom Levanger årbok LHL 1990
Arne Sivertsen
Langs sørhallet av Skjøtingen går det ei gammel veglei, midtpartiet av den kortaste vegen mellom Stjørdal og Verdal. Skjøtingen har namnet sitt frå det. Det kjem av det gamle ordet for snar -«skjot», og tyder altså snørvcgcn. Eg meiner å ha hørt to variantar av namnet -Støttningan og Skjøtningen, av eldre Skogningar. Vegen er svært gammel, truleg mellom 1 og 2 tuscn år. Den var i si tid kongevegen frå Lade og nordover – ein slags første E6. Seinare har vi fått andre «kongevegar», nærare bygda. Men dette er den eldstc. Korleis såg vegen ut? Idag villle vi vel kalle den ein sti. Den vart brukt av gåande og ridande. Hestar kunne ha kløv, eller dei drog ein slede eller eit «slep». Vogn kunne ikkje brukast. Der det er muleg er vegen lagt på tørr mark, grus eller sandjord, over myrene er det lagt kavelbruer. På grusmarka har hestehovane gjennom åra slite ned ein «holveg» og desse partia er enno godt synlege fleire stader. Kongevegen skulle vera rydda til ei viss breidd, nord for Trondheim 4 alen (2,5 m), og sør for Trondheim 6 alner. Kor går den? Den kjem opp gjennom Skjelstadmarka, går over Bulandet, og fram over Frigarden, Tunseth. Stormoen og Buran i Skogn Markabygd. (Sjå Asbjørn Andresens artikkel i 89-skriftet). Frigarden er vanleg namn på ein gard som ligg slik til at farande folk kunne få hus og mat når dci trong det. Garden hadde plikt til dette, og var derfor fri for skatt. I Markabygda tar vegen av ved Stormoen og går om Verås, Troseth, Vinkjærran. Hegglia, Tomtvasslia, Restadbustaden, Lavøya og ned til Kolbergmo. Det ligg altså fast busetnad og setrer langs heile leia. Ved Kolberg har vegen ei sidelei ned «Brekka» og bort over «Riarmoen» til klostret. Her er dct eit fint vad over til Munk-Restad.
Vadet ved Restad
Mellom Kolberg og Restad måtte vegen over Tomtvasselva. Her var vadet omtrent ved indre enden av den noverande dammen. Det er vel denne elveovergangen som har gitt garden Restad (Reistad) namnet sitt. I eldre språk heiter ein slik grunn eit r6. Restad betyr da garden der vegen går over elva. Slik blir namn som Restad og Re interessante i veghistoria. Garden Ree i Stjørdal ligg no eit stykke inne i landet, ved eit tørrlagt elveløp. Kanskje låg vadet over Stjørdalselva her. da garden fekk namn? Ein annan Ree-gard (no utrasa) låg oppe i Verdal der Olav Haraldson etter tradisjonen gjekk over elva med heren sin. Somme Restadnamn har i vår tid vor[e skrive Røstad, slik som Røstad i Leksvik og Munk-Røstad i Frol. Dei ligg berre ved gamle elvevad. Eldre frolbygger seier enno Munk-Restad. Dette mest for å minne om at restadnamnet er eit minne om ei gammel og viktig veglei – den første kongevegen.
Der vegane møtest
Vi tar oss over Restadvadet og kliv opp bakken frå elva, litt vest for garden Reitan. I sandjorda her har trafikken laga eit djupt spor. Oppe på kanten til venstre ligg Geilsveet. Røflo seier at Geil er det gamle namnet på ein sideveg. Her gjeld det vel vegen opp til sjølve Restad. SågårvegenovertørrmarkforbiRestadmo,overÅsmoanmotMobekk og Buran. Her er det meste av spor fjerna i sammenheng med nydyrking. 0le Kvitvang, som gjorde mykje av arbeidet, fortel at det her både var stcinsette «gater» og ein god del gravrøyser nær sjølve vegleia. Desse spora kan ha sammenheng med ferdselen langs vegen eller med folk som var avhengig av den, men dette veit vi ingenting om. Ved Venåsen går hovedleia over mot Ravlo og vidare ned mot Verdalselva til høveleg vad eller ferjestad. På Åsmoan, innover mot Buran, får vegen kontakt med heile tre vegleier over til Sverige (Jamtland). – Den vi kallar Fjellvegen -opp Jamtkneppet og innover Heståsdalen -forbi Reinsjølia, langs eller over Feren og gjennom Kjølhaugane til Skalstugan og vidare austover. – Frå Mobekk forbi Skansberget, opp Svenskbakkane og vidare inn mot Glonkvollen og Feren. – Frå Buran gjennom Tromsdalen mot Stene, til vad over lnna og inn på den kjente ferdselsleia over Suul, Merraskardet og til Skalstugan. Tegner vi desse vegleiane inn på eit kart, ser vi at Åsmoan – Buran blir litt av eit vegknutepunkt. Idag ville vi vel hatt ei trafikkmaskin der!
Vegar og kornhandel – Buran
Det er tradisjon at det ved Buran har lege ein «by», eller som Gerhard Schønning seier, ein lagerplass med stabbur, sikkert i sammenheng med kornkjøpet åt jamtane. Da Schønning var der i 1774 såg han berre steinsette «gater» som minne om byen. Men folket på Buran var enno kalla «burmenner». I Stjørdalsboka fortel Jon Ieirfall at det var tradisjon i Skatval at bøn dene leverte korn til Buran. Han sa også at det måtte vera fomuftig å kjøre fram kornet til henting på ein plass der sledeføret enno var sikkert under Marsimartnan. Ned mot l.evanger kunne føret vera så som så på denne tida. Stemmer dette, vart nok kornet kjørt fram til Buran like før jamtane kom over fjellet. Så vidt ein veit leverte heile lnnherad korn til jamtane. Her kjem altså nord-sør-vegen vår til nytte. Det kan sjølsagt ha vore fleire kornlager i Frol enn dette ved Buran. Helge Kolset sa han har høyrt at det hadde vore eit slikt bur ovanfor Restad. Kan også «gatene» på Åsmoan ha slikt opphav? 0g kva med Buran i Markabygda?
«Snarvegen» var Brukbar til mangt
I mellomalderen var vegen også pilgrimsveg. Både svenskar og finnar kom over fjellet for å søke helsebot ved Olavsskrinet. Vegen vår vart da ein naturleg siste etappe. Her har kanskje sidcvegen frå Kolberg ned til Munkeby kloster si forklaring. Vegen vart sjølsagt også brukt lokalt til kontakt mellom bygdelaga. Friarveg? Den var seterveg frå begge sider. Helge Kolset fortalte at eldre frolbygger kalla vegen «koinnlausvegen». Markabyggene kom etter den når dei hadde sloppe opp for såkorn -. Snarvegen nord-sør villc også vera viktig i ein krigssituasjon. Mest kjent er vel at deler av Armfeldtheren brukte den i sitt andre anfall mot Trondheim. Under innmarsjen i Norge gikk Armfeldt over frå Feren og ned til Verdal. Det norske forsvaret hadde rekna det for like sannsynleg at han frå Feren ville gå rett ned til Buran og deretter ta snarvegen vår mot Trondheim. Den ruta hadde far til Karl den tolvte tenkt å bruke, han hadde også anfallsplaner. I Frol var det derfor plassert 660 mann for å bremse opp eit slikt anfall, fordelt på Buran (Skansberget) og på vadet ved Restad. Forsvarsanlegga var nok forhogningar. Kan det finnast rester av desse enno?
Kvifor går vegen så lang inne i landet?
Dei gamle maktsentra i Stjør-og Verdal låg eit stykke inne i landet, og beinvegen gikk mellom dei. – Vegen langs fjorden var lite framkomande. Dette fekk m.a. Armfeldt merke da heren hans sleit seg fram gjennom Langsteinberga hausten 1718. – Det fanst ikkje bruer over Stjørdals-eller Verdalselva. Elvene måtte enten vadast eller ridast, og da helst eit stykke inne i landet, der vassføringa var mindre. – Vegen kom i nær kontakt med dei viktige ferdselsleiene over til Jamtland.
Ny veg langs den gamle Leia
Da Tomtvatnet skulle demmast opp, vart det laga kjørcveg/bilveg frå Frol inn mot Furuhevlen. Etterkvart vart så denne vegen arbeidd heilt over til Markabygda. og for få år sian fullført ned til Skjelstadmarka. Denne nye vegen går for det meste heilt nede ved vatnet, langt under gamleleia. Men i allefall ein stad går dei i hop: Ved bekken ned for Hegstadh}’tta cr dct ein overgang som både gammel og ny veg har bruka. Sør for overgangen finn vi derfor gamle vegen like opp for den nye, som ei djup, brei grøft. No kan vi altså kjøre den indre vegleia mellom Stjør-og Verdal. Vi ser at den framleis har militær interesse, vegen og jarnbanen ved Langstein er sårbare også i dag. Det er ei veglei full av historie. Kjør den ein gong, og sett fantasien i sving.
Forslag
Mellom Gresset og Vådal inn for Røra finn vi atter litt av denne eldste kongevegen. Her er vegen rydda og merka, og er idag mykje brukt til turararangement. Dersom vi rydda og merka gamlevegen langs Skjøtingen, kunne den bli brukt på samme måte -også her går bilvegen like ved. Nytt liv til eit kulturhistorisk minne?
Til denne artkkelen er det henta stoff frå:
– John Røflo: Langs den gamle kongeveg gjennom Innherred
– Jon Leirfall: Stjørdalsboka.
~ Mariin Siverisen: Skogns eldste hisiorie.
– .Nelius Hallan: Den meir enn tusen år gamile alfarvegen nordover gjennom Skogn. – Gerhard Schønning: Reise gjennom en Deel af Norge.
– Julius Bye: Folk og heimar i Frol. Fjellvegane.
Arne Sivertsen:
Den gamle vegleia Markabygda-Levanger
Ein god del av trafikken til Levanger kom sikkert sjøvegen. Men dette rike distriktet måtte også ha skikkeleg vegsamband over land. Vi skal her sjå på ei lei sørfrå, som må ha vori viktig gjennom meir enn tusen år.
Vegen kjem inn i Markabygda over Skjelstadmarka (sjå Asbjørn Andersens artikkel i årbok 89). Den går forbi Buran, Hallan og Venset. Nord for Venset går den ved Dalsvetjønna like forbi den gamle bygdeborga Ratåsen. Så bøyer den av mot Synnegardane og kjem forbi småbruka Reitan og Lundsvoll. Vidare går den gjennom skogen fram til den nedlagde garden Lund. Her kan ein enno sjå restar av veglina.
Frå Lund har den gått gjennom Leinsmarka, over Kvennbekken, fram til «Finnkallbakken» og vidare forbi Høyslomoen (Granheim) til Masteråsen. Her deler vegen seg:
Ei lei går nordover, over Matberg, til vadet ved Munkeby kloster. Frå Munkrestad kunne ein så enten ta vegen mot Geite og Levanger eller ein kunne gå vidare mot Verdal (sjå årbok 89 — Bjørn Olav Nygård).
Den andre leia går direkte mot Levanger — over Lorås, Korsvegen og ned til Formoen ved Halsan. Her går den på ny like under ei bygdeborg, Halssteinen, og vidare utover Moan.
Denne vegen inneheld mykje interessant historie, både kjent og ukjent.
Bygdeborgene
Det ligg to solide forsvarsanlegg ved denne vegen, bygd med stor innsats. Kva kan dei ha tjent til?
Dei første hundreåra etter Kristus (folkevandringstid) var urolege i Nord-Europa. Truleg ga dette seg utslag også på våre kantar. Fleire bygdeborger i Innherad kan vera bygd som vern for folk og krøtter når omrekande herstyrkar drog forbi. Halssteinen høver godt til eit slikt formål. Ratåsen gjer det derimot ikkje. Borgane er fint oppmura seier Gerhard Schønning som besøkte Levanger i 1774. Dette kan tyde på at dei er etter folkevandringstid.
I Borgarkrigstida — omkring 1200 — hadde kongemakta i Nidaros og Oslo ofte ufred med Innheradsbøndene. Da, som no, ville desse nødig betale skatt. Ein landher sørfrå ville naturleg komme opp over Markabygda og ta «vegen vår». Her kunne begge bygdeborgene vera til nytte som forsvarsbasar. Halssteinen har også vitnemål om bruk på denne tida. Det er funne pengar og ein minnemedaljong frå korsfarartida der oppe.
Halsteinen har faktisk vore utrusta som festning også i seinare tid — den store nordiske krig (1709-20). I norske militærarkiv ligg det kart som både viser murar, vassbrynn og kanonstillingar. Schønning nemner og brynnen, og at det skulle ha stått hus her oppe. Opprustinga av borga skulle vel bety at den enda forsvarte ein aktuell herveg.
Ratåsen kan berre ha vore base for ein styrke som skulle stanse inntrengarar — mest truleg i borgarkrigstida. Den høver berre for kortvarige opphald. Men den ligg strategisk til ved ferdselslina. Blautmyr på begge sider gjer det vanskelig å ta seg fram til hest andre stader enn like under borga. Vatn måtte dei hente frå Dalsvetjønna. Eit steinbrudd like ved tjønna må ha levert stein til murane.
Ratåsen sett frå vest. På myra ser vi enno den gamle vegleia som ei lys stripe. Foto: A.S.
Begge borgane har mista mye stein frå murane. Bonden som viser Schønning Halssteinen i 1774 fortel at han har kjørt ned ein god del stein til husbygging. Og da det skulle byggast bru over Halsbekken vart det også rulla stein ned frå borga. I Markabygda vart det sagt at «det va no arti åt gjetargutan å rull stein ut over bratthalla». Kanskje er noko hamna i fjøsmurane her og.
Men vegen har mykje anna historie.
Den går forbi Lund, opp for garden Lein. Lund er ofte namn på en plass der det har vore gudsdyrking i gammel tid.
Frå Lund er vegen tildels ødelagt av ein traktorveg. Men eit par hundre meter forbi Kvennbekken er ein urørt del. Her er vegen oppmura langs eit fleinberg så den blir grei å kjøre.
Så kjem vi til Gjartrudmoen, der vi enno ser gruvesteinane etter huset til Gjartrud like ved vegen – og kanskje også dei siste potetforene hennes. Kva gjorde at ho slo seg ned herinne?. Moen er rein sandgrunn, og vi ser overalt groper i marka. Desse vart først tolka som dyregraver (Karl Mørkved). I seinare tid er det klarlagt at dei fleste er tomter etter kolmiler. Langs kanten av sandmoen ligg det også fleire j arnalders gravhaugar. Nelius Hallan meiner det er langs denne vegen bondeheren drog seg tilbake etter slaget på Stiklestad.
Vi går over bekken ved «Finnkallbakken». Her har det da bodd ein finnkall. Ei lokal segn seier at karen, som elles var svært så grei, også hadde serlege evner. Når han hadde det travelt, skapte han seg om til ein varg, for å komme fortare fram. I snøen kunne dei sjå kor menneskespora gjekk over til vargspor —.
Forbi Høyslomoen går vegen sammen med noverande veg. Her ligg det eit fint lite gravfelt med ein bautastein like inn til vegen. Dette burde vore reinska for vegetasjon og pussa opp.
Frå Masteråsen ned mot Lorås går vegen over ein liten bekk. Etter sagnet heiter denne Dronningbekken. Det blir fortalt at hesten åt dronninga til Olav Haraldson skulle ha snubla her (Nelius Hallan).
Så går vegen ned mot Formoen og rundar Halssteinen. Her er, som sagt, stein ovanfrå borga synleg i dei gamle brukara ved bekken.
Det finst fleire kjente vegleier frå Markabygda ned mot Skogn og Levanger. Den vi her har sett på ser ut til å ha vori viktig i ufredstider.
Storparten av vegleia kan ein enno finne att ved hjelp av lokalkjente folk. Vegen var av og til i bruk for mindre enn 100 år sian.
Forslag til vegkontor, kommunen eller lokale ungdomslag: Sørg for at litt av vegen blir merka og bevart.
Sørg for at Ratåsen blir skikkeleg undersøkt. Kva strategisk føremål hadde den?
La Halssteinen få igjen den fine utsikten der oppe ved lett hogst. Rensk opp murane på portsia og lag ein spasersti kring heile kollen, med ein utsiktsplass på kvar side. Ei lett tilgjengeleg, kulturhistorisk perle!
Stoff til artikkelen er henta frå:
Martin Sivertsen: Skogns historie, b. 3.
Nelius Hallan: Gamle sambandsvegar. Levanger-Avisa 27.6.1960.
Arne Vestrum: Skogns historie, b. 1, v/Th. Petersen.V