Krogstadvollen

Johannes Holan (Årbok 1994):
Krogstadvollen – min barndoms ferieparadis

Alt frå 1920-åra hugsar eg første opplevingane mine oppå Krigstadvollen ved Grønningen i Skogn. Far og onkel Paul leigde husa og beiteretten av Krogstadgårdene på Levangernesset alt frå 1918. Tidligare var det andre som hadde denne leigekontrakten.

Dette ”fjellholdet”, som det vart kalla, gjekk ut på å taka imot kyr og ungdyr (geiter også første åra) frå forskjellige heimar i bygda. Dei kunne ha i minste laget med sommarbeite heime. Og dertil fekk dei smør- og ostprodukter av ”fjellkyrne”, produsert etter naturmetoden og biodynamisk. Det var den tida det var mån i alt som var ukjøpt.

Dei ansvarshavende for seterdrifta kvar sommar, måtte leige inn pålitlege folk som var litt vant med slik produksjon. Dessuten kom vedlikehaldet av seterhusa, sørge format til arbeidsfolket der oppe, og at det var ordna med nok ved til all ostkokinga m.m.

På Krogstadvollen var det, etter det eg hugsar, ei ansvarshavande budeie ”Fjelltausa”, ei underbudeie og ein gjetar. Som regel var gjetaren ein unggut med ”litt tak i”.

Alt dette er naturlegvis kjent for den som ikkje er ung i dag.

I stallskjulet heime på Holan hang det ein gamal og grå kløyvsal. (Han er til også i dag). Han hadde ei roleg tid om vinteren.

Frå Hjelmen, ein av ”øvergålan” i Markabygda, ogopp til Krogstadvollen var det ikkje veg for vogn. Det var kløyvveg, og her fekk kløyvsalen gjere teneste. Varene, som vart frakta på vogn opp til Hjelmen, måtte her omlastes og plasseres i to ”meiser” og så hengt på kløyvsalen – ei meis på kvar side av hesten. Dei måtte vere ganske jamtunge, elles vart det ikkje godt å vere hest og ømfintlege varer. Det kunne bli ”slagside”.

Det var stor opplevelse å få bli med til fjells når ein vart såpass stor. Fjellreisa var mest spesiell vår og haust, da alle dyra var med i lausdrift.

Ein del spenning var det, ikkje minst p.g.a. ein del gardeigara langs vegen som, i større eller mindre grad, mislika at dyra stakk ut i åker og eng for å få tak i ein ”graskjeft”. Uttussa, tørste og sopin vart dei, etter kvart som det bars lengre og lengre heimant. Men verst var dette om hausten når åkrane enda sto gulmoa. Da var dyra i god form til å ta ”sidesprang” frå vegen, godt trena som dei var etter friluftslivet om sommaren.

Det var mange som hadde lengre seterveg enn Holangårdene. Men gutongene syntes det var ei lang, lang reise frå vi passerte første grinda nedfor Holan og opp til grinda i dalen før siste brattkneika opp til velsigna Hjelmen. Her opna liksom landskapet seg mot ein ”annan verden”, og det eventyrlege fjellet dominert av den mektige ”Brekka”.

Jo, Hjelmen var ein triveleg heim, der vegen gjekk gjennom tunet og videre til Hjelmstadbakken (Bakken), Tretlia og Dalen som i dag. I Hjelmen var uthusa og matstu på nedre side av tunet og stuggulåna på øvre side. Ved uthuset vart vognene plassert, og varene måtte omlastes. Dei vart pakka i meisene og hengt på kløyvsalen. Ryggsekk vart og brukt til enkelte varer.

Medan dette foregikk, var det som regel ein triveleg prat med ho Karenanna og han Anton, gardsfolket på Hjelmen den tida. Var det tid, kunne det ofte bli kaffe anten nedi matstu eller i stuggulåna – litt etter kva folk det var, og kor travelt ho Karenanna hadde det. Han Anton var ”rolegheita sjøl”, synes eg å hugse.

Og enda var det ein ting med Hjelmen: Det var stor spenning, om ein fekk ein glimt av han Odin eller Eliseus, som var frå Hjelm-marka. Den som har opplevt desse to karane, gløymer dei aldri.

Fjellvante kyr trådde (lengta) til fjells – som vante ”fjelltauser” gjorde det. Dei fortsette, utsoppeleg, gjennom tunet i Hjelmen og tok fatt på Fjellstien. Fotfolk, som var med, hjelpte dei gjennom grindene nedi Hjelmgjeilan. Sia var det, som regel, ikkje problem med dyra. Det var grei veg å gå etter, og ved Årengelva kosa både folk og fe seg med godt friskt fjellvatn og litt fjell-luft, som ein kjente alt når ein kom oppi Øvergålan.

Kløyvhest, kjørekar og dei som var for småe til å han ansvar fo rdyra, kom etterpå. Eit spesialminne vart det da eg skulle få sitte oppå kløyvsalen. Det skulle bli saker, tenkte eg! Men det vart ein skyss med blanda følelser. For det første var det ein vond og svært ”uroleg sess”. Og for det andre var det besett mye barkvist som stendigt liksom var ute etter gutongfjeset. Ei hans vart i minste laget å halde seg fast med, når det andre måtte forsvare mot kvistangrep. Så vart det likevel å bruke småfotan’ og mange skritt. Fotan vart forresten også mye brukt oppgjennom bygda. ”Det va itj skikk og bruk å sitti på i motbakkan”, sa far.

Eg har lyst til å friska opp nokre detaljer av seterstien til Krogstadvollen. Først Hjelmgjeilan, som var lange, synes eg. Serleg på heimturen, for da var det motbakke. Her var siste grinda millom bygd og gjell, og ved sida av vegen var det reine ”arboretet”. Gjeitene hadde ”klipe” mange av trea i kjeglefasong. Utspekulerte som desse skapningane er, fann dei både krydder og mat i lysegrønne nyskot om våren. Dei fann opp kjeglegrana lenge før ho komi handel her i distriktet.

Så kom vi til den idylliske flata der Grønningelva renn saman med elva frå Årenget. Der stortrivs eg den dag i dag. Ådalsvollen var neste, før det bars opp igjennom dei bratte Ådalsbakkane, der hesteskorne klapra og klang mot fleinberget.

Ned mot Hølbustan var det litt unnabakke som ein måtte ta igjen i stsor monn opp Hølbustadbakken. Da var verste kneikan unnagjort. Ein kom til Stamnhaugen og Lunnmyra, og såg opp mot Steinsetvollen. Og da var det ikkje langt til Merkesbekken, som vart rekna for halvveigs til Krogstadvollen frå Hjelmen. Denne bekken var beitegrense i vestleg retning den tid det var krøtter på Steinsetvollen og Hølbustan. I denne bekken var det småe interessante jettegryter.

No hadde vi kome opp til den lange, blåe Grønningen, passerte Smedhøtta og Rønninghøtta, som verkeleg var hytter. Gråe og velbrukte var dei å sjå til, diskre plassert under ”skjeggete graner” ved vatnet.

Omsider kom vi til andre mé etter stien, som Furuhaugen og Hoinntangen. Og så siste svingen – og det kom fram: ”ein krull med låge, gråe hus. Kan du sjå det for det, det er det det gjeld”, blir det sagt plå Stiklestad om garden Sul år 1030. Eg tenker alltid på Krogstadvollen når denne setningen blir sagt.

Kyrne var ofte framme før kløyvhesten. Dei fjellvante stod og nyta fjell, vatn og tilværet frå tidlegare år. Dei uvante var litt i villrede, men alle var trøytte etter langturen på utrena føtter, for det meste på hard grusveg. Alle fann seg ein liggeplass for å kvile ut.

Men for folk var det travelt. Den breie, låge inngangsdøra var alt kome opp. Frå kaffevarmen i den gamle ærverdige grua av gråstein, lukta det røyk både ute og inne. Det vart eit velfortent måltid før den siste travle delen av dagen.

Karane såg over fjøsa, så det var iorden med bese for kvar ku. Eit anna arbeid var å skifte mosetorv i båsane, om det trongst. Ved måtte kluvast og vatn hentast.

Kvinnfolka tok fatt på vasking av hus, bord, senger, benker og golv, trekokppar og reiskap. Først gjeldskjulet (selet), som første åra var både arbeidsrom og soverom, så gangen, som seinare vart frådelt eit soverom for budeiene. Sist ostebua, til høgre for gangen. Her var det jordgolv og ”mangel på vindu”. Berre to tregluggar, som det siva litt lys inn gjennom. Her var det svalt og kjølig om det kunne bli varmt ute, og lettvint med golvvasken.

I første tida veit eg det var berre gluggar også i tjeldskjulet. Det var enkelt og billig. Kanskje var sikkerheit mot udyr også i tanken. Øks sto attmed budeisenga kvar natt til bortimot 1940, veit eg. Kanskje også seinare. Om ikkje anna kunne det hende noko borti fjøset.

Uti ostebua var det hyller langs veggene med plass for rømme- og smørdallar, traug og kjøreller for kvit- og brunost. Dessuten var det lager for ”det daglege brød” for seterfolket.

På benken i gangen var smørkjerna og separatoren ”Alfa Laval” plassert. Det var separator nr. 2 på Krogstadvollen. Den første var det elik leven i at Byavollfolket høyrde han over Grønningen, fortalde Toralv Eggen.

Det vart sikkert revolusjon for Jeselia når desse hjelpemidlene kom, men kanskje verka dei som motorsaga, – stillheita vart borte?

To gonger om dagen var desse maskinane i bruk, og om det letta mye på eitt vis, var det mange deler som måtte haldas gullende reine, om det ikkje skulle bli usmak på produktene.

Ellers av arbeid første ettermiddagen var at fjellgjetaren og onga, som var passeleg store, vart sendt til skogs for å henta nyutlauva bjørk-kvistar til å stikke oppi takåsane i tjeldskjulet. Dessuten granbar til dørabar. Bjørklauvet vart skifta ein gong eller to for sommaren. Naturlegvis også dørbaret, som mang ein tresko strauk seg over.

Ei uforklarleg koslegheit seig over ein mett og uansvarleg gutong oppi himmelsenga, med ørene tett opp til spontaket som var nytt 9 1921. Herleg oversikt over den lysande, sprakande lågen frå gruva, og nydeleg ange frå bjørklauvet som ”lyste” grønt oppunder det røykbrune taket. Og kanskje regna det ”taktfull musikk” på spontaket. I dag er dette ein god draum.

Under himmelsenga var Hoinnsenga. Det ligg liksom i namnet at ho var på eit lågare plan, nesten på golvnivå. Det var problemfritt å koma seg oppi ho, men oversigten var skral.

Det vart omsider tid for å samle inn kyrne for melking. Det kunne vera litt av eit puslespill å få ca. 45 kyr på rett plass i dei tre fjøsa første dagen. Femten-tyve forskjellige eigarar hadde kyr der oppe. Ein del hadde berre ungdyr. Kyr fra same gard måtte stå ilag og melka frå dei vart vegi samle på bisonaren i gangen, før separeringa. Der var grunnlaget for å rekna ut kor mye ost og smør kvar enkelt skulle ha som resultat av produksjonen i beiteperioden.

Kvar eigar hadde med eiga melkbøtte som måtte vera merka. Ein gong avr det ein som hadde med ei bøtte som var usikka for melk. Da han spurde kva merka han skulle bruke på bøtta, fekk han til svar frå ansvarshavende budeie Borghild: ”Slå eit hol i botn på bøtta, det merket er det ingen som har”. Dermed forstå kanskje eigaren, og dei andre som hørte på, at bøtta ikkje var godkjent til sitt bruk.

Når melkinga var over, sto det like mange prosjoner melk på benken ved separatoren som det var eigera av kyr. Separeringa vara i timevis, og flyten av kvar porsjon vart tømt i den rette rømmedallen i ostbua. Når rømmedallen var full, vart det kjerna smør som vart bråka reint for saup, vaska, salta og lagt i smørdallen.

Dette var ansvarsfullt arbeide og mye arbeide første vikene på setra før kyrne tok til å krompe (melkemengda minka).

Elles var døgnrytmen pålag slik: Første tida var det opp av senga i firetida! Gjetaren var også med på melkinga, men gjekk inn og åt frukost, slik at han var ferdig til å ta over kyrne som vart utslept i halv sjutida. Underbudeia var med og fikk kyrne på gang dit dei skulle beite om dagen. Beiteplassen var dag var ikkje tilfeldig. Det var på viset skifter uten gjerde, og det var gjetaren sitt ansvar å halde buskapen der det var bestemt at han skulle gå. Ca. femti naut var ein bra skokk å ha under kontroll, delvis også i uoversiktelig terreng.

Når buskapen hadde roa seg etter å ha ete seg mette, kunne gjetaren rusle ”heim” ein tur til middag – eller ein annan matbud. Middagsmåltidet kunne bli både fleksibelt og lettvint oppi trevelheita dei første vikene.

Budeiene hadde hendene fulle i seterbua. Etter ein lett-vint kaffeskvett etter morgonmelkinga, måtte det separeres før melka var for kalt. Først når skummamalka var kome i ystekjelen oppi gruva, var det tid og ro nok til frukost.

Inntil melka i ystekjelen var passeleg varm, hadde det foregått ein ganske stor oppvask. Og ….. det var ikkje berre å skru på varmvasskranen!

Når det var passeleg melktremperatur vart det iblanda ostlaup – eit produkt av kalvemager. Melka ”sprakk” og ostestoffet vart ”tilgjengeleg” for å ta opp med ein sleiv og så over i ostekjørellene. Her vart myas utbrøka, osten snudd og bråka på nytt før han hamna i ostbua til tørking og lagring.

Under denne prosessen kunne ein få spandert ”kjesmus”, ein liten kvit ost-klomp samenklemt av budeienever. Godt norsk, ja.

Så var det mussu (myse) som skulle bli til møssmør (mysost). Etter, i første omgang, eit forsiktig oppkok, vart dei siste restane av ostestoffet skumma av og hatt i ein kopp, Det vart dravle, ein ubeskrivelig herlig matrett med litt sukker og fløte. Det var egentleg meire enn kvardagskost!

Peder Rendum, Buli, kom med ein setning under eit dravlemåltid, som hittil ikkje er glømt. Han fekk ein dravlerest ein dag han kom opp og skulle hente ned fjellmat. ”Du må ta de som e”, sa Borghild, ”fer de e berre tin rest!” Da sa Per: ”Å, de e itj så fale om de e lite, berre det e nok og godt”. Og det er vel ”en sannhet uten modifikasjoner” den dag i dag.

Dem ”fyra med ved” i passelege doser utover dagen for å dampe vatnet ut av mysa. Til slutt vart ho passeleg tjukk og passeleg brun, meire som tjukk prim. Den store kjelen vart frakta ut, eller uti gangen om det regna. Ein måtte røre i denne brunostmassen til det vart kaldt. Elles ville det krystallisere seg og bli sandaktig mysost. Til slutt vart ”resultatet” klaska oppi mysostformene. I den første tida kunne det bli seks-sju ostar i alt pr. dag, og det var to kvitostkokingar dagleg.

Etter at kveldsmelkinga med separering og alt for dagen var unnagjort, var det absolutt ingen som hadde behov for sovetabletter. Augan var nesten igjen før vi kom i senga, vart det sagt.

I tillegg til det vanlege arbeidet kunne det alltid bli noko ekstra. Var det for eks. Behov for dyrlege, måtte ein gå nedi Hjelmen og ringe til Rolfsjord. Første åra var det vel senior Nils og seinare junior Leif. Det var berre ein dyrlege i distriktet den tida, der det i dag er ein ”liten skokk”. Det var visst ikkje ofte det vart fjelltur på Rolfsjord.

Problem kunne det også bli når det var regn tilgangs, og kyrne kunne stå dørgende stilleunder ei storgran her og der. Da vart det ofte manko for gjetaren, og leiting på nytt.

Eller når det var varmt og fullt av blodtørstig klegg og åte. Kyrne kunne ”sjånnå”, springe ukontrollert over alle hauger. Da kunne det bli beitetid om natta, og ekstraarbeid med å samle kyr før mårråsmelking.

For ikkje å snakke om sopptida. Arne Sivertsen fortalte om salt nede på Børøya siste sumar, at svenskane kom til Levanger og Trondheimsfjorden for å handle til seg salt.

Han sa ikkje at svenskane kunne bli saltsnål, men dyr kunne bli det. Men det er visst ikkje eit hakk bedre når dyra blir soppsnål. Dei gjekk etter soppen som ein uvant molteplukkar, og gjekk seg bort.

Alt dette ekstra, som kom til, forlenga arbeidsdagen, som egentleg var for lang fra før. Overtidsbetaling var visst ikkje oppfunni enda.

Men bevares, det var mye humoristisk og triveleg krydder oppi arbeidsdagane. Utpå ettersommaren vart det mindre melk, og dermed ikkje fullt så hektisk. Ein eller to gonger i beiteperioden kom folk og skulle hente ”fjellprodukter”. Da vanka det kjøpabrød eller andre smaker, triveleg prat og bøgdanytt. Triveleg både for dei som kom til fjells og dei som var der oppe. ”Hoinn søykje framover, det kjem folk”, sa Laura. Det var da far bemerka at han hadde aldri hørt ein hoinn søykje bakover!

Det er uråd å fortelja om alt humøret i kvardagen, og elles, på Krogstadvollen. Eit par eksempel likevel. Ein regnsomar av dei verste, vart gjetaren spurd om kva skosmurning han brukte. ”Kaldvatn” var svaret. Dei fann ut at hosson nesten rotna av fotan. Det var før gummistøvlan sin tidsalder. Eller den gongen Borghild drog den store ostespaden med prim på oppover den nesten snaue baken til ho som ”låg frammi”, ho skulle reie opp i breisenga. Situasjoenn var ikkje langsom og ikkje til å gråte av!

Det var på ein måte to julekveldar heime på Holan. Det var den ekte, og så den uekte, som regel den siste helga i august. Da var det heimfløtting frå fjellet. Moster Borghild var som et familiemedlem i heimen, og budeie i tillegg. No skulle vi få ho i huset igjen, etter eit fjellopphald i ca. to månader. Vi gledde oss.

Vi hadde vore litt fjellfolk heime også med at vi hadde budd i matstu ei stund. Der var det ganske spartansk og spesielt miljø med den store gamle gruva. Men den dagen fjellfolket kom, var vi etablert i kjøkenet att, med nymåla golv i oxanmaling og som regel voksduk på bordet. Jo, det var ein slags julestemning.

Døgnet før hadde det foregått ”store” ting. Det var sistkvelden – eller døgnet på fjellet, da alle skulle hente heim kyrne sine og ”fjellmaten”. Det var trongt på Krogstadvollen da, trongt, trivelig og opplevelsesrikt.

Siste dagane på setra var det ingen produksjon av ost og smør. Det var kokt gomme, den forunderlege gode fjellgommen, som ingen greier å etterligne i bygda.

Og så sistkveldsgrauten, som også er vanskeleg å etterligne. Ein kolosal posjon rømmegraut med litt risengryn i. Rikeleg, så det eine bordsettet etter det andre gjekk frå brodet trinne i magen og feite om leppene og haka. Om det vanka ein klem frå ein eller annan kant, gjekk det som smurt.

Det var mange komiske, spøkefulle situasjoner og setninger å høre og sjå. Mykje av det låg over ”folkeskoleplan”. Det sorterte vel under ”videregående”.

Natta som slett ikkje var lang, vart nytta på forskjellig vis. Ein gjekk til høybua, nedst nede på vollen, får å prøve og sova litt. Men det var ikkje enkelt, for her kom og gjekk folk heile natta. Det var iallefall ein fin kvileplass i det fine, nye vollhøyet. Andre kunne bekke seg nedpå litt oppi huset i senger eller på golv, og atter andre kunne ”gå rundt” som det heiter. Ein må vel seie det var ei rotnatt- eller døgn, med minimalt kvile for alle.

I ettertid tenkkjer eg tilbake på dette døgnet etter døgna som ein stor verdi for meg. Eg opplevde fleire av dei. Travle forberedelser til å forlate setra før seinhausten kom, krydra med ”gappiskjul” og leven, skapet ei unik stemning, og utruleg nok – utan alkohol. Styggarti lell sjø!

Tidlegmorgon laurdag, i fire-fem tida var det oppbruddstemning. Ein måtte få seg kaffe og mat. Den store svartkjelen hadde halde koken heile natta.

Det var om å komme ned til Åreng-elva helst før Byavollkyrne vann seg dit ned. Det var unødvendig problemer om krøtterflokkan kom saman der sætervegane møttes.

Så var det same vegen ned for dyr og folk, som opp om våren. Langs mogne kornåkrar, eller staura korn etter kor sommaren hadde vore. Ungdomar som gjeta buskapene i bygda var spente den dagen. Dei visste om denne ”reia” som kom frå fjellet, og som kunne skape ”raseblanding” med bygdbuskapene.

På Holan var vi heldige som hadde ”fjelltausa” moster Borghild som familiemedlem og budeie i mange år. Vi gledde oss stort til å få ho i huset att, og vi gledde oss til frokostbordet som vi visste mor hadde ordna.

Alle var trøytte denne helga. Mor, som hadde streva heime, seterfolket som mest ikkje hadde hatt søvn på to døgn og ikkje minst eg, som ein gong presterte å sovne mens eg sat og åt attmed dette ”julebordet” i august.

”Ringen er sluttet” rundt ein sommar på Krogstadvollen slik eg, stort sett opplevde det. Men ein 10-12 års periode i 1920-30 åra er berre ein liten del av denne setervollen, og tidlegare buplassen, si historie.

Onkel Paul og far hadde drifta kvartanna år frå 1918 til 1938. Sia var det Paul åleien fram til 1960, da den ærverdige Krogstadvollen brann ned til grunnen. Men hamninga vart nytta videre heilt til bortimot 1970.

Tre ”fjelltauser” har sitt namn godt innrissa i denne setra si historie:

Cisilie Brenne frå 1888 til 1922 (34 år). Dessuten var ho gjetar på Bennesvollen og setertaus på Byavollen før 1888. Ialt mellom 40-50 år samanhengende på sommarfjellet. Det er sagt at ho aldri hadde sett ei slåmanskin i bruk.

Borghild Kjønstad Winge frå 1927 til 1937. Dessuten underbudeie i 1923 og litt ”konsulent” år 1938 (11 år ialt).

Så var det truleg Klara Hjelmstadbakk i 1938 og Aasta Lundsvoll i 1939.

I 1940 kom Oline Kulås, som fungerte fram til bortimot 1970.

Med litt hjelp frå folk som les dette, kan det kanskje bli muleg å få ein oversikt over kven som har arbeidd på Krogstadvollen i alle år frå før 1920 til det vart slutt der oppe?

”Han skin i mitt minne” denne ”krullen av gamle gråe hus” som kom bort i flammehavet natta til 20. juni 1960.

Eg har visst vore der berre ein gong sia, og kjenner det som om det var ein gong for mye.

Heldig er den som har opplevd litt av gamaldags seterliv, trur eg.

 


LISTE:

Fått av Borghild Winge. Dei som arbeidde på Krogstadvollen saman med henne:

1923 Berit Stjern, Borghild Winge, John Sagmo1
1
927 Borghild Winge, Sigrid Kjønstad, Arne M. Holberg
1928 Borghild Winge, Klara Hov, Laura Sagmo
1929 Borghild Winge, Laura Sagmo, Arne M. Holberg
1930 Borghild Winge, Laura Sagmo, Leif Sagmo
1931 Borghild Winge, Laura Sagmo, Olav Friberg
1932 Borghild Winge, Laura Sagmo, Olav Friberg
1933 Borghild Winge, Laura Sagmo, Marie Myhren
1934 Borghild Winge, Laura Sagmo, Olav Friberg
1935 Borghild Winge, Laura Sagmo, Tomas Dalseng
1936 Katrine Rangul
1937 Borghild Winge, Laura Sagmo, Borghild Stokke
1938 Klara Hjelmstadbakk
1939 Aasta Lundsvoll
1940 Oline Kulås, første året hennes

Illustrasjon:
«Krogstadvollen ca. 1930.» Fotografert etter maleri av Per Isdal.
Foto: Johannes Holan, Skogn.