Brusve bru

Maleri av Brusve bru tidlig i 1950-åra før nybrua kom. Ukjent maler
——————————————————————————————————————–
Arne Sivertsen

Koss såg Gunnlaugs Levanger ut?

Ei langstrakt elveøyr, med rike, gamle bygder omkring. Sandøyra var mindre enn i dag, sjøen stod 3-4 meter høgare.
Det gamle navnet -Lifangr – fortel om ei god og lun hamn. For mindre båtar, som kom med fisk og andre varer, var sandøyra ein ideell landingsplass, dei kunne gå heilt opp i fjæra. (Ei hamn frå denne tida heiter ofte noko med -sand, jf. Holsand.) Dette gjorde også øyra til ein god martnasplass. Langt opp i tida gjekk mykje av varebyttet mellom fiskarar og jemter før seg der nede ved båtane. Sjølve martnasplassen låg like inntil og nord for kjerka.
Var det martna alt i 1010? I boka Levangermarknaden seier Sandvik at dette kjøpstemnet må ha vakse fram i hundreåra etter at

Jamtland fekk fast busetting – etter år 800. Nils Hallan meiner martnan kan vera frå Håkon den godes tid, kring 950. Jemtene trong salt og andre mineral i kosthaldet sitt, seier Torbjørn Prestvik. Det måtte dei få gjennom fisk og salt frå sjøen, og da låg Levanger nærast til.
Var det bru over elva? Var det martna ute på øyra, måtte det også vera bru. Slik terrenget er, låg den nok der Brusvebrua enno står. Vi veit at brua var der 200 år seinare, i Håkon Håkonssens saga er den nevnt to gonger, da med namnet Vågsbru. Den må ha vore viktig, også militært (Slaget ved Vågsbru 1217). Legge merke til at Snorre bruker Vågsbru istaden for namnet Lifangr.
Vegen austover. Vi sa at det frå Levanger går ei gammel veglei austover, til Jamtland. Edvard Bull seier i boka Jemtland og Norge at dette er ein urgammel og viktig «mellomriksveg». Jon Suul fortel i detalj om denne vegen i heftet: «Gamle stier og kløvjestier i Verdal». Den går frå Levanger til vad ved Steine, så over fjellet på nordsida av dalen og ned til Sul. Så opp Sulliene, gjennom Kjølhaugane og ned til Skalsvatnet, med sommarveg nordom Merraskaret og vinterveg sørafor. Gunnlaugssoga gir ei presis skildring av koss landskapet i nordenden av Skalsvatnet tek seg ut sett ovanfra fjellet. Vegen har vore herveg – Olav Haraldsson og seinare Armfeldt kom etter den – handelsveg og martnasveg. Etter kvart vart den også ein mykje brukt pilgrimsveg. Den er i dag eit viktig kulturminne. Den bør både kartleggast og merkast – og gjerne også brukast, med fornuft. Ein fin tur over Kjølen!
Vi kan tenke oss Levanger 1010 som ein liten strandplass eller hamneplass, med få fastbuande. Her er martnasplass, ei lita trekjerke og ei bru inn mot Frolsida. Den er eit utgangspunkt for ferdsel austover – mot Jamtland. Det er i den siste sammenhengen Levanger får plass i Gunnlaugssoga.

Årbok for Levanger Historielag; 1995. side 120

Foto: Ola Indgaard 2008

Foto: Ola Indgaard 2008

———————————————————————————————————————————————————————-

På 1230-tallet er Vågsbru nemnt to ganger i Norges Kongesagaer bind 4, side 35 og 184 i forbindelse med at Inntrønderne hadde latt vere å betale utreidsler ei tid.

Første gangen, (sjå side 35) er det «sommeren etter at Håkon jarl var død, så drog kong Inge sør til Bergen og tok under seg det riket som jarlen hadde rådd for. Kongen stevnet da til seg alle lendmennene sørfra landet og drog nordover til Trondheimen med mye folk. Alle sveithøvdingene til birkebeinene var da med kongen.

Da kongen kom til Trondheimen, holdt han med hele denne hæren mot inntrønderne og møtte dem inne ved Vågsbru’. Der gjorde de forlik. Denne sommeren ble kalt Vågsbrusommeren«

Neste gang er det ufred mellom kong Håkon og hertug Skule, og hertugens menn har ikkje fått noe av utbudet til Inntrønderne. Da (side 184) «gjorde hertugen seg ferdig til å dra inn i Trondheimen. Sjøl drog han på skip, men mange sveithøvdinger drog over land med mye folk. De ble ledet av Alv fra Løvestad, Vesete Litle og Algaute, bror hans. Hertugen la skipene sine ved Vågsbru*, og bøndene betalte ham mange penger, noen en mark gull, andre gav to og noen alt det de eide»

Vågsbru, trolig et sted i nærheten av Levanger. Arne Sivertsen hadde gjort seg tanker omkring dette og meinte det kunne berre vere i Levanger det kunne finnes bru i Innherred på denne tida.