Jarnvegs-brua over Levanger-elva (1903)

Bjarne Slapgard:

Det vart eit langdrygt strev å byggje jarnbanebrua over Levanger- elva først på 1900-talet. Det gikk i langdrag med brua over jambanen til Brusvebakken i 70-åra, men høyr her korleis dei streva for snart 80 år sidan:

I N. T .A. «Nordre Trondhjems Amtstidene» for 29. mai 1903 blir det nemnt i ein redaksjonell artikkel at det må vera noko av eit særsyn at vanskar lagar så lang arbeidstid med ei brubygging.


Etter at det om våren 1900 vart arbeidt dag og natt med påling og anna fundamentering, ja, sommaren til endes, skulle dei ta til med muringa av eit brukar i september same hausten. Då kom det eit større ras i elvemelen og skipla heile greia. Mykje material måtte vrakast, og storparten av arbeidet var såleis spilt.

Våren 1901 tok dei så til med å fylle opp elvefaret med stein utafor dei felta som var påla. Dei trudde at desse store, lausleg oppbygde steinmurane skulle søkkje ned og skapa ny, sterk grunn for brukara. Dette føremålet vart og oppfylt, steinmurane sokk ned i leira litt om senn.

Denne påfyllinga av stein heldt så fram vinteren og våren 1902. Litt skeivt gjekk siginga, men steinfyllinga seig meir og meir. Rett nok vart noko leir sprengt opp langs sidene. Stein fyllinga bortmed den øystre elvekanten hadde stått temmeleg still, men no skulle det fyllast på noko meir stein der.

Det såg og ut til, skriv bladet, at steinfyllinga ved den vestre kanten hadde nått fast fjell; for det hadde ikkje vore stor søkking å sjå i det siste.

Når så ikkje fyllinga søkk meir, må ho nok stå ei god stund for å stabilisere seg, og då først kan ein ta til å mure sjølve brukara.

Men avisa har ikkje noko meining om – etter tre års arbeid – kva tid brua kan bli ferdig. Kanskje kan dei til vinteren mure ferdig brukara, og så kan brua bli ferdig ein gong sommaren 1904? Men alt var usikkert. Ei mellombels trebru trongst når lina skulle grusast, meinte avisa.