Bureising i Skogn

Einar Fostad (Årbok 1987)



Bureising i Skogn 1934 – 1958

I denne tidsbolken vart det starta og utbygd 34 nybrottsbruk i Skogn. – Ein kan stille spørsmål om grunnen til dette? Særleg dei yngre har truleg ikkje greie på årsaken, og eg finn det difor rett å gi ei lita orientering om dette.

Heilt frå 1825 hadde det vore utvandring frå landet vårt til Amerika – grunna mangel på arbeidsplassar og trong økonomi i «gamlelandet», (ein skal hugse på at det ikkje var mye industri i utvikling i denne tida).

Utvandringa auka i omfang etter kvart, og i året 1882 var det 28 804 nordmenn som reiste over «blåmyra» for å finna seg nytt livsgrunnlag. I tida fram til 1. verdskrig (1914-1918) emigrerte bortimot 800.000 menneskje frå Norge. Etter folkemengda var det berre Irland og Italia som hadde større utvandring enn Norge. Nokre år etter at 1. verdskrigen slutta, vedtok USA nye immigrasjonslover som avgrensa innvandringa sterkt. Norge fekk da ein svært liten kvote.

I millomkrigstida gjekk difor utvandringa serleg til Canada, men i langt mindre målestokk enn tidligare.

På slutten av 1920-åra sette det inn ei sterk økonomisk krise i Norge og andre land, (også i Amerika), og det vart så stor arbeidsløyse som vi ikkje har sett maken til seinare.

Alle krefter

vart difor sett inn på å skape nye arbeidsplassar, og å styrke landet sin økonomi. Eit av måla var å gjera landet mindre avhengig av import – særleg av matvarer. Dette hadde vore eit stort problem under krigen, da landet var isolert av utenlandske ubåtar og krigsskip. Her kom nydyrkinga, og dermed bureisinga inn.

I Skogn var det ikkje store samanhengande felt med dyrkingsland som ga plass til mange nye bruk, men på mange gardar var det mindre areal som kunne dyrkast og gi plass til eitt nytt bruk. Storleiken på dei nye bruka varierte, men dei fleste fekk eit dyrkingsareal på ca. 80-100 dekar, med variasjonar opp til 200 da. og unntaksvis ned til 30-40 da.

Storparten av arealet var forsumpa skogsmark, og eindel gras og mosemyr.

Det største feltet ga plass til 3 bruk, og ligg ved Hojems-tjønna og her var det nokså mye mosemyr. Ein føresetnad for at dette kunne dyrkast var kanalisering, og senking av Hojemstjønna. Her var det Nord-Trøndelag Landbruksselskap som kjøpte området av gardane øvre og nedre Hojem, og utførte arbeidet med kanalisering, og senking av tjønna, og bygde veg inn i feltet. For å verta godkjent som bureisingsmann måtte ein fylla ymse krav.