Styremøte på Levanger Bibliotek kl. 1800.
Martin Granås kom ca. kl. 1830. Underskrivne møtte.
SAK 20: Leseapparat
Avtalen vi har med Lev. Bibliotek går mot slutten.
VEDTAK: Vi går inn for framlegget frå Vidar Lund.
Vedlegget: 5-årsavtalen om leige av mikrofilmapparat går mot slutten. Sidan Levanger-Avisa og Amtstina ikkje er digitalisert enno, må vi framleis ha apparat. Eg har høyrt med Saxvik, dei seier vi kan kjøpa ut apparatet for kr. 7.432,-.
Så vidt eg har skjøna har Levanger Historielag betalt halvparten av leiga, og egvonar at de kan betale halvparten av utkjøpet og, dvs. kr. 3.716,-. Fint om derkan ta det på fyrstkomande styremøte og gje melding om vedtaket.
Beste helsing
Vidar Lund
Biblioteksjef
SAK 21: Årsmeldinga
Dok: Framlegg til årsmelding.
Det framlagde forslaget vart gjennomgått.
VEDTAK: Årsmelding med nødvendig endringer blir lagt framfor vedtak på årsmøtet.
SAK 22: Rekneskap SAK 24: Budsjett
VEDTAK: Gjennomgang av rekneskapen blir utsatt.
Vi møtes kl. 1700 på Hegle 3. mars. Rekneskapen blir utsendt på førehand.
Same vedtak gjeld og budsjettet.
SAK 25: Vedtekter/Vedtektsendringer.
Styret har tatt opp saka om gjennomgang evt. endringar/tilføyingar i gjeldande vedtekter.
Liv Kjønstad og Åshild Bjørgum Øwre vart valt til å gå igjennom vedtekten. Framlegget samt begrunning vart delt ut og gjennomgått.
VEDTAK: Det framlagte forslaget m ed endring av eit par ord blir lagt fram for årsmøtet til vedtak.
SAK 26: Kontingent.
VEDTAK: Styret foreslår at kontingenten blir som før:
kr. 150,- for einskildpersonar
» 200,- » ektepar
» 250,- » grupper
Møteboka opplese og godkjend.
Aa. Bjørgum Øwre, ref.
Johs. Vongraven, Randi Berget, Hågen Ven, Hilde Løvås, Hallbjørn Berget, Liv Sofie Kjønstad, Martin Granås og Sveinung Havik.