Styremøte 30/11-2015

Styremøte i Levanger Historielag måndag 30/11-2015 kl. 1800 på Levanger Bibliotek.
Sakliste:
Sak 1:  Årboksalget
Sak 2:  Årsmøtet
Sak 3:  Rekneskapsfirma – tilbod

1)  Årboksalget
Pr i dag manglar vi seljarar for boksalget (Mule, delvis Skogn og Markabygda). Det blir selt bøker under «førjulsmartnan» og arbeidet er fordelt. Det blir sett inn avertisement ca. 15. des. Leiar prøver å skaffe fleire seljarar.

2)  Årsmøtet
Årsmøtedato blir 3. mars 2016 kl. 1800 på Hegle. Frist for rapport frå nemndene blir 10. februar.

3)  Prisoverslag – rekneskapsføring
Vi ahr tidlegare i år vedteke å få rekneskapsfirma til å ta rekneskapen vår evt. vurdere saka etter tilbod frå firma. Hilde Løvås har arbeidd med saka. Vi har fått tilbod frå rekneskapsfirma på kr. 15.000,- i årleg kostnad (vedlegg).
Vedtak:  Styret går samrøystes inn for tilbodet og legg saka fram for årsmøtet.

Opplest og vedtatt.  Aa. Bjørgum Øwre, ref.
Johs. Vongraven, Hallbjørn Holberg, Hågen Ven, Liv Kjønstad og Hilde Løvås.