Årsmøte 17/02-11

ÅRSMØTE PÅ HEGLE SAMFUNNSHUS I LEVANGER HISTORIELAG 17.FEBRUAR 2011 KL 1800

Leiar Johannes Vongraven, ønska vel møtt til dei frammøtte – i alt 19 stk.

SAKLISTE:

1. ÅPNING MED GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE
Vedtak: Godkjend

2.KONSTITUERING

  1. Møteleing av årsmøtet, FRAMLEGG: Leiaren Johs.Vongraven – VALD
  2. Sekretær på møtet. FRAMLEGG: fast sekretær Åshild Bjørgum Øwre – VALD
3. ÅRSMELDING FRÅ STYRET
Årsmeldinga var utdelt til alle.
Møteleiar gjekk gjennom årsmeldinga og gav ordet fritt til merknader.
ÅRBOKA – spørsmål frå tidlegare kjøparar etter årets bok.
Salsapparatet – og måten å by fram boka på vart diskutert – likeins «bokmelding» i avisene.
Vedtak: Årsmeldinga godkjend (sams.)
4.REKNESKAP
Rekneskapen vart lagt fram av rekneskapsførar Ola Indgaard som gjekk gjennom rekneskapen punkt for punkt.
Leiar las revisjonsberetninga – rekneskapen funne i orden.
Rekneskapen vart teke opp til avstemming
Vedtak: Godkjend (sams)
5. FORSLAG TIL ARBEIDSPLAN FOR 2011

Arbeidsplan i 14 punkt framlagd.

  • Ifølge samarbeidsavtalen med Levanger Bibliotek vil mye av vår aktivitet foregå i biblioteket.
  • Møter i styrer og nemnder og andre arbeidsmøter vil bli lagt dit
  • Slektsforum, som kan samle de som er interessert i å finne opplysninger om slekta vil her få veiledning i å finne kilder og å utveksle erfaringer med andre.
  • Årbok som før
  • Medlemsblad vår og høst som før
  • Heimesida fortsetter og oppdateres jevnlig
  • Delta i 1000-års jubileet
  • Hjelpe til med Levangsbilder
  • Prosjektene Levanger-elva og Munkebygruppa fortsetter
  • Prosjekt 2009 «Veger, grinder m.m.» forsøkes avsluttet
  • Åpne kontordager i biblioteket fortsetter
  • Turer og møter som før
  • Delta med stand på Dampskipsbrygga
6.BUDSJETT
Framlagt budsjett vart gjennomgått og kommentert
Vedtak: Det framlagte budsjettet vedtatt (sams)
FRAMHALD P/SAK 5:
Under punktet arbeidsoppgåver orienterte Ola Indgaard om prosjektet Jernvinna – Heglesvollen.
Eit interessant prosjekt som det er ønskjeleg å få realisert. Får ein pengane det er søkt om, trengs dugnadsfolk.
7. KONTINGENT F.O.M. 2012
Framlegg frå styret: Auke frå 100 kr til 150 kr /år
Vedtak: Kontingent f.o.m. 2011 blir kr 150/år

8. INNKOMNE FORSLAG
Ingen saker

9. VALG
Framlegg
lagt fram av valnemnda, Kåre Almåsbakk, Toralf Granaune, Jon Steinar Munkeby

  • Leiar: Johannes Vongraven – attval
  • Helge Bakken – attval for 2 år
  • Øystein Bergsve – attval for 2 år
  • Arnhild Haugbotn – attval for 2 år
  • Liv Kjønstad – ikkje på val
  • Anne Sofie Benum Lullau – ikkje på val
  • Åshild Bjørgum Øwre – ikkje på val
  • Tormod Buran – ny, vald for 2 år
  • Hågen Vehn – ny, vald for 2 år
Revisorar: Pål Kulås, Arild Buran
Alle val samrøystes
Ny i valnemnda : Paal Jonas Fostad
Valnemnda for neste år blir da: Toralf Granaune, Jon Steinar Munkeby, Paal Jonas Fostad
Takk til Paal Jonas Fostad og Ole Johan Kjelstad som gjekk ut av styret.

ÅRSMØTEDELEN AVSLUTTA KLOKKA 1915

Kaffepause

Møteboka opplese og godkjend, Åshild Bjørgum Øwre, sekr.

Den nye museumsstyraren, Aud Åse Reitan, presenterte seg og fortalde litt om arbeidsområdet sitt.

Åshild Bjørgum Øwre

Anne Sofie Benum Lullau
Helge Bakken
Johan Ole Kjelstad
Tor Falch
Sveinung Haavik
Arnhild Haugbotn
Gunnar Aasen
Endre Tuff
Toralf Granaune
Johannes Vongraven
Øystein Bergsve
Hågen Vehn
Edel Tuff
Tormod Buran
Inger Johanne Kvello