Årsmøte 18/02-09

Referat frå årsmøtet i Levanger Historielag, 18.02.09.

20 medlemmer til stades.

Leiaren ønskte vel møtt.
Innkalling og sakliste vart godkjend.

SAKLISTE:
1.Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Årsmelding frå styret.
3. Rekneskap.
4. Arbeidsplan for 2009.
5. Budsjett.
6.Fastsette årspengar.
7. Val.

Godkjenning av sakliste og innkalling.Vedtak: Innkalling og sakliste vart godkjent.
Årsmelding frå styret. Leiar las og kommenterte årsmeldinga som var utsend på førehand. Vedtak: Årsmeldinga vart godkjent.
Rekneskap. Leiar gjekk gjennom og kommenterte rekneskapen som var lagt fram på møtet. Revisor las opp revisjonen. Vedtak:Rekneskapen vart godkjent.
Arbeidsplan. Eige dokument vart lagt fram av styret. Sjå nedanfor. Arbeidsplanen vart samrøystes vedtatt.

Forslag til arbeidsplan 2009.

I følge samarbeidsavtalen av 20. januar 2009 med Levanger bibliotek vil det meste av vår aktivitet foregå i biblioteket.
Møter i styre, nemnder og andre arbeidsmøter vil bli lagt dit.
Slektsforum, som kan samle dei som holder på med å finne røtter, vil her få veiledning i å finne kilder og utveksle egne erfaringer m. m.
Årbok som før.
Medlemsblad, vår og haust, fortsetter.
Heimesida fortsetter og oppdateres jamnt.
Levanger-Avisa sitt tilbud om å få inn aktuell informasjon under egen vignet bør vi utnytte.
Prosjektene Levanger-elva og Munkebygruppa fortsetter.
Bedre service for medlemmer og andre med åpne kontordager i biblioteket.
Delta i utvikling av Wikipedaopplegg om lokalhistorie i samarbeid med Verdal Historielag og bibliotekene i Verdal og Levanger.
Turer og møter som før.
Delta med stand på Dampskipsbrygga.

————————————–

Budsjett.- Vedtak: Det framlagte budsjettet vart vedtatt med følgjande tillegg. Budsjettet utvides med inntil kr 20000,- til innkjøp av utstyr til registreringsnemnda.
Årspengar for neste år (2010).
Framlegg frå styret: Årspengar blir uendra.- kr 100.-
Vedtak: Framlegget vart samrøystes vedtatt.

Valg.
Valgkomiteen v/ Kåre H. Almåsbakk la fram forslag på styremedlemmer og andre tillitsverv:
Leder: Ola Indgaard.
Styremedlemmer. Johannes Vongraven, Øystein Bergsve, Johan Ole Kjelstad, Arnhild Haugbotn og Helge Bakken.
Revisor: Paal J. Fostad
Valgkomite: Toralf Granaune (for 3år), Nils Olav Krogstad ( 1 år).
Vedtak: Valgkomiteens forslag ble enstemmig vedtatt.
—————————-
Etter årsmøtedelen fekk Per Arne Kolberg frå Levanger kommune ordet, og han
gjorde rede for NAMNSETTING AV VEGAR. Heile kommunen skal namnsettast og
historielaget skal bli medteke i prosessen.
Avlutningsvis takka leiar dei som slutta i styret og ønskte dei nyvalde velkommen.
Frå forsamlinga vart det bore fram takk til styret for godt utført arbeid, og ein spesiell
takk til leiaren, Ola Indgaard.- Til slutt vart møteboka opplese og godkjend.