UTSKRIFT AV MØTEBOK
Styremøte i Levanger historielag måndag 5. desember 2016 klokka 18.00 på Levanger bibliotek.
Alle møtte. Til stades: Øystein Haugan, Gaute Ulvik Haugan, Hilde Løvås, Sveinung Havik, Hågen Ven, Hallbjørn Holberg, Randi Berget, Hans Hallan og Åshild Bjørgum Øwre.
SAKER:
- MINNETAVLER – VEDLIKEHALDSANSVAR
Pr. i dag har vi tre plassar: -Kirkestad på Hallan – ansv. Hans Hallan. -Kirkestad på Reistad – -Kirkestad i Røvika – ansv. Åshild Bjørgum Øwre. Vedr. P. 2, Reistad: Sveinung Havik kontaktar grunneigar Magne Reistad. Det vart diskutert om ein evt. skal ha ein artikkel om dei gamle kyrkjestadene. Vi tar dette opp seinare. Ein tur for å sjå kyrkjestadene var det interesse for. Vi prøver dette til neste år.
- VALKOMITEEN – arbeid før årsmøtet.
VEDTAK: Sekretæren skriv/tar kontakt med valnemnda som er (etter Ketil Iversen går ut): Jon Oddvar Skei og Anna Dahl. Tredje person skal nemnast opp av styret. Johannes Vongraven blir spurd om han er villig til å gå inn i valnemnda etter Ketil Iversen. Hågen Ven tar kontakt med han.
3. LAGERPLASS/ARKIV for historielaget.
Orientering v/Sveinung Havik. Sveinung har undersøkt i det gamle
heradshuset for Frol der vi evt. kan få disponere eit par rom. Fotomuseet
disponerer pr. i dag huset, og vi må ta opp med dei ein eventuell
kostnad.
VEDTAK: Ein arbeider vidare med saka. Sveinung gjer dette.
4. ÅRBOKSALET
Orientering v/kasserar. Pr. i dag er det selt bøker for vel 60.000,- kr.
Tilbakemeldingane frå seljarane er positive. Melding av boka i avisa
er ønskjeleg, og Leif Hovland blir spurd. Randi ansvarleg.
5. ØKONOMI
Rekning frå trykkeriet er ikkje kome enno, så ein manglar fullstendig
oversikt. Sjå elles p. 4.
6 EVENTUELT. a. Viggo Ballo har søkt midlar for eventuelt å restaurere
kalkomnane på Nesset. Han ønskjer samarbeid med Bymuseet og
Historielaget. Positivt! Vi inviterer Viggo Ballo til eit styremøte
Møteboka godkjendt..
Aa. Bjørgum Øwre – ref. (s), Hågen Ven (s), Øystein Haugan (s),
Hallbjørn Holberg (s), Randi Berget (s), Gaute Ulvik Haugan (s),
Sveinung Havik (s), Hans Hallan (s), Hilde Løvås (s).