UTSKRIFT AV MØTEBOK
Styremøte i Levanger historielag tysdag 2. august 2016 klokka 17.30 på Ytterøya.
Forfall: Hans Hallan, Hallbjørn Holberg, Sveinung Havik og Gaute Ulvik Haugan. Underskrivne møtte.
Møtet starta med ein tur i Berghaugen med føremål å finna ein høveleg plass for minnestein over dei 5 ungdomane som miste livet på heimtur frå Levanger i januar 1787. Turen guida av Åshild.
Etter vandringa heldt møtet fram på Forberg:
SAKER:
- MINNESTEIN I BERGHAUGEN over 5 omkomne 1778. Randi Berget har undersøkt med fagperson om pris og reglar for oppsetting osv. 2. RAPPORT FRÅ SKRIFTSTYRET. Randi orienterte. Det er god tilgang på stoff.
4. ØKONOMI. Orientering ved kasserar. 132 familie- og enkeltmedlemmar har betalt kontingent, i alt 150 stk., ca. 50 har ikkje betalt. Høfleg påminding er sendt. Vi har vel 50.000,- kr. i banken, alle rekningar er betalte.
- 3. FRAMLEGG OM E-POSTADRESSE FOR LEVANGER HISTORIELAG. (Utdelt) Saka tatt opp på årsmøtet av Hogne Heir. (Sjå neste side). VEDTAK: Ein støttar tanken og bed Gaute Ulvik Haugan ordne (Samr.) dette. Om han ikkje ser råd for det, kjem vi tilbake til saka.
- VEDTAK: Åshild lagar framlegg til tekst som skal skrivast på plate (Samr.) som skal festas på stein. Ein arbeider med å prøve å finne høveleg stein.
- RYDDING PÅ BRUSVE OG GARASJEN PÅ BIBLIOTEKET. Ryddinga gjeld bøker. Mange bøker er kasta. Restopplaget er samla på Hegle.
- BOKPROSJEKT-BILDEREDAKTØR FOR BOK OM FESTIVITETEN. Spørsmål frå biblioteksjef Vidar Lund. Eit par namn vart nemnd. VEDTAK: Hågen rettar førespurnad til dei aktuelle «hjelparane» (Samr.)
- VEDLIKEHALD AV MINNESMERKE OPPSETT AV HISTORIELAGET. Det er viktig at vedlikehaldet blir følgd opp. Vi tar saka opp på eit seinare møte.
Åshild Bjørgum Øwre ref.(sign),Hågen Ven (sign), Randi Berget (sign.), Hilde Løvås (sign), Øystein Haugan (sign).
- Møteboka godkjend.