UTSKRIFT AV MØTEBOK
Styremøte i Levanger historielag tysdag 8. februar 2017 klokka 18.00 på Levanger bibliotek.
Forfall: Hallbjørn Holberg.
Underskrivne møtte. Til stades: Hågen Ven, Øystein Haugan, Hilde Løvås, Sveinung Havik, Hans Hallan, Gaute Ulvik Haugan, Randi Berget og Åshild Bjørgum Øwre. Viggo Ballo møtte og orienterte om kalkomnane på Nesset m.m., før styremøtet.
Før styremøtet orienterte Viggo Ballo om kalkomnane på Nesset (Sjå sak 6 frå møte 5. desember 2016). Restaurering samt bygging av ny feltomn er viktig for formidling av kunnskap omkring kalkomnane og å ta vare på kunnskapen om arbeidsprosessen. Søknad om midlar er på gang.
SAKER:
- FØREBUING TIL ÅRSMØTET
a. Årsmelding v/Hågen. Det framlagte forslaget vart gjennomgått. VEDTAK: Den gjennomgåtte årsmeldinga blir lagt fram for (Samr.) årsmøtet som styrets melding.b. Rekneskap v/Øystein. Rekneskapen vart gjennomgått og kommentert. VEDTAK: Rekneskapen blir lagt fram for årsmøtet. (Samr.) c. Arbeidsplan – forslag v/Åshild. Arbeidsplan – som siste år – med supplement lagt fram. Fleire forslag kan sendast til Åshild denne veka.
VEDTAK: (Samr.) Arbeidsplana blir lagt fram for årsmøtet. d. Budsjett. Blir sett opp når arbeidsplana er ferdig. e. Praktiske førebuingar. -Innkalling ved annonse i TrønderAvsa, evt. Innherred 14/2-17. -Underhaldning/program: Nord-Trøndelag historielag v/M. Fiskvik + evt. bildeframsyning v/N. Torske. -Servering: Vi kjøper tekake og kaffe og ordnar dette i styret. - ÅRBOKSALET
Boka er trykt i 950 eksemplar og ca 500 er selt. Sjå rekneskap. - SØKNAD FRÅ BYMUSEET OM TILSKOTT TIL TEATERFORESTILLING Saka utsett.
- NYTT LAGER Saka utsett.
- TILBOD OM SLEKTSPROGRAM Saka utsett.
- HALVÅRSMØTE FOR NORD-TRØNDELAG HISTORIELAG
Levanger historielag er bedne om å arrangere møtet.
VEDTAK: Vi tar på oss oppgåva og arrangerer møtet som skal (Samr.)
haldast i mai. Stad: Brusve. Vi kjem tilbake til saka. - FLYTTING TIL NYTT WEBHOTEL Saka utsett
- ORIENTERINGSSAKER OG EVENTUELT. Saka utsett.
Møteboka godkjend:
Aa. Bjørgum Øwre – ref. (s), Hågen Ven (s) Øystein Haugan (s), Sveinung Havik (s), Hans Hallan (s), Hilde Løvås (s). Randi Berget (s), Gaute Ulvik Haugan (s).