Styremøte i Levanger historielag tysdag 10. januar 2017 klokka 18.00 på Levanger bibliotek.Forfall: Hågen Ven, Gaute Ulvik Haugan, Randi Berget.
Underskrivne møtte. Til stades: Øystein Haugan, Hilde Løvås, Sveinung Havik, Hallbjørn Holberg, Hans Hallan og Åshild Bjørgum Øwre.
SAKER:
- ÅRBOKSALGET
Orientering v/kasserar. Opplag: Oppgåve manglar. Selde bøker: Oppgåve manglar. Pengar levert: Kr. 100.650,-
VEDTAK: Årboksalet blir tatt opp på eit nytt møte med fullstendige talopplysningar. Seljarane blir inviterte til eit møte. Vi serverer kaffe.
ØKONOMI
Trykkekostnader: Kr. 145.250,- Pr. i dag blir boka trykt på trykkeri i Verdal.
VEDTAK:
Vi innhentar tilbod frå fleire trykkeri og tar saka opp på eit nytt møte og får spørsmåla kring årboka i meir ordna former (sak 1 og 2). - ÅRSMØTE
Årsmøtet skal haldast i tida januar-mars.
VEDTAK: Tid for årsmøtet: 14. mars-2017 klokka 18.00.
Stad: Levanger fotomuseum.
Fagleg innslag : Vi spør Nils Torske om innslag. - FRISTAR:
Årsmelding: Ansvarleg, arbeidsutvalet v/Hågen Ven.
Budsjettframlegg: Ansvarleg, arbeidsutvalet v/ Øystein Haugan
Fagleg innslag: Nils Torske blir spurd, ansv.Sveinung Havik. Årsmelding, budsjett, «foredrag» må vere klart til siste styremøte før årsmøtet. Innkalling i samsvar med vedtektene.
- MARSIMARTNAN, 2-4 mars
Det er tradisjon for samarbeid med bymuseet og vi har stand i lag. Vi må hugse på medlemsverving. Utlodning av eit innramma bilde (frå fotomuseet) har vore populært tidlegare, og vi prøver på nytt i år. Sveinung snakkar med fotomuseet.
REKLAME for laget – plakat? Vi ber Gaute om han kan ordne dette. Sveinung samordnar med samarbeidspartnarane.
- OPPGJER ETTER KULTURMINNEDAGEN
v/kasserar/sekretær.
Fortidsminneforeninga skal betale 1000 kr. Bymuseet skal betale 1000 kr. Historielaget betalar reste,- litt over 1000 kr.
VEDTAK: Kasserar ordnar dette.
- MELDINGSBLAD NR. 1/2017
v/Sveinung Havik.
Bladet kjem ut etter årsmøtet, overgangen mars/april.
Aktuelt tema: Bybrannane (1877 – 1897). Ønske frå ansvarlege for bladet: Ver flink til å koma med stoff! - EVENTUELT.
a. Blomster til biblioteket med takk for godt samarbeid er kjøpt og levert. b. Viggo Ballo kan koma på februarmøtet og orientera om kalkomnane på Nesset.
c. Vi skriv ned e-postadressene våre for å ha samla for styret.
d. Roknesvollen. Årsmøte. Utsending: Hågen Ven. Vara: Sveinung Havik. e.Framlegg om at biblioteket v/Vidar Lund kallar inn til møte a`la «sykkelmøtet» (historielaget, fotomuseet, bymuseet, biblioteket) vedr emnet BRANN.Møteboka godkjendt.
Aa. Bjørgum Øwre – ref. (s), Øystein Haugan (s), Hallbjørn Holberg (s), Sveinung Havik (s), Hans Hallan (s), Hilde Løvås (s).