Styremøte i Levanger Historielag 11/1-11 – klokka 1800 på biblioteket Levanger.
Forfall: Liv Kjønstad
Johan Ole Kjelstad møtte ikkje
Underskrivne møtte.
Innkalling og sakliste godkjend.
SAK 1/11: HEGLESVOLLPROSJEKTET. VAL AV KOMITE
Dok: Prosjektbeskrivelse av 1999
Ola Indgaard orienterte
Vedtak: Val av komite:
Ola Indgaard – prosjektleiar
Vegard Austmo – komitemedlem
Ola Aune – (blir spurd) komitemedlem
Johannes Vongraven – frå styret
Helge Selnes Haugdahl – (blir spurd) komitemedlem
Kom. er ansvarleg for søknad om støtte.
SAK 2/11: FOREDRAG OM JERNVINNINGSTIDA.
Ny oppgåve for tur- og arrangementskomiteen
Vedtak: leiar Johs. Vongraven, tar kontakt med Grete Ludvigsen for å finne tidspunkt og stad.
Turkomiteen tar seg av resten.
SAK 3/11: BOKLAGERET
Boklageret som ligg på Hegle, er svært stort.
Vedtak:Levanger Historielag held unna ein viss mengde bøker, eks. 20-30 stk av kvar årgang. Resten blir delt ut til dei pensjonistlagra i kommunene (Levanger/Frol, Skogn, Åsen, Ytterøy)
SAK 4/11: ÅRSMØTET. NÅR OG KVAR:
Styresmøte for årsmøtet er 25.januar(biblioteket), da blir årsmelding og rekneskap klargjort av styret.
Vedtak: Årsmøtet blir 17.februar – 11, klokka 18 på Hegle
Årsmøtet blir avertert i Levanger-Avisa.
Mail i tillegg
SAK 5/11: REGISTRERINGSNEMNDA
Dok: Brev frå leiar av nemnda Kåre H.Almåsbakk vedr. fritak.
Vedtak: Saka blir- dersom leiar av nemnda ønskjer fritak – tatt opp på årsmøtet.
Møteboka opplese og vedteke,
Aa.Bjørgum Øwre
Johs.Vongraven
Øystein Bergsve
Paal J. Fostad
Arnhild Haugbotn
Helge Bakken
Anne Sofie Benum Lullau