UTSKRIFT AV MØTEBOK
Styremøte i Levanger historielag på biblioteket, Levanger, måndag 4. mars 2016 klokka 18.00 .
Forfall: Sveinung Havik. Underskrivne møtte. Hågen Ven ønskte vel møtt. Innkalling og sakliste godkjend
- PRESENTASJON
Dei sju som var til stades presenterte seg.
- GJENNOMGANG AV VEDTEKTENE revidert på årsmøtet 3/3-16.
Dok.: Vedtektene . Åshild Bjørgum Øwre gjekk gjennom vedtektene og presiserte kva som var nytt. - KONSTITUERING
Nestleiar: Hågen Ven – vald.
Sekretær: Åshild Bjørgum Øwre – vald.
Kasserar: Øystein Haugan – vald.
Meldingsbladet: Redaktør: Sveinung Havik – vald. Medlem: Hilde Løvås – vald.
Arbeidsutval: I samsvar med vedtektene blir/utgjer nestleiar, sekretær og kasserar arbeidsutvalet. Nestleiar tar imot posten og sender ut innkalling med sakliste som er sett opp i samråd med arbeidsutvalet.
Nødvendige hjelpemiddel til kasserar blir innkjøpt.
- ÅRSPLAN, aktivitet fram til sommaren. Framlegg om fellesarrangement med Foreningen Norden, Levanger/Verdal, 11. mai 2016 på biblioteket.
Vedtak: Saka blir tatt opp i arbeidsutvalet.
- SLEKTSFORSKINGSKAFFE
Dok.: Skriv frå Birgit Reistad om saka. Vedtak: Arbeidet som Birgit Reistad og Jon Steinar Munkeby driv med slektsforskingshjelp, er eit positivt tiltak i laget, og vi støttar tiltaket.
- METALLDETEKTORISTAR
Dok.: Brev frå Gaute Ulvik Haugan – søknad om (gruppe)medlemskap i laget. Vedtak: Styret er positivt til førespurnaden. Gaute Ulvik Haugan blir invitert til møte med arbeidsutvalet.
- EVENTUELT
Møteboka vedtatt.Åshild Bjørgum Øwre, ref.(sign.), Hågen Ven (sign.), Randi Berget (sign.), Hallbjørn Holberg (sign.), Hans Hallan (sign), Hilde Løvås (sign), Øystein Haugan (sign).
Neste møte 2. mai kl. 18.00 på biblioteket.