Styremøte; 5. juni 2018

UTSKRIFT AV MØTEBOK
Styremøte i Levanger historielag,

tysdag 5. juni 2018 klokka 17.00 hos Hågen Ven.

Forfall: Øystein Haugan, Hilde Løvås, Gunnar Kjølen og
Gaute Ulvik Haugan.
Underskrivne møtte,- Einar Hojem frå sak 6.

SAKER:

  1. BYGDEBOKNEMNDA. Oppnemning.
    Jfr. Årsmøtevedtak.
    VEDTAK: Arbeidsutvalet blir valt til styre.
    (Samr.) Dei konstituerer seg sjølv.

  2. TURPLANAR
    a. Hestøya v/Anton.
    – Båt frå Holsand klokka 16.30 torsdag 7. juni. Retur kl. 19.30.
    – Ca. 20 påmeldte.
    – Kvar betaler 100 kr.
    – Vi har med kaffe og mat kvar for oss.
    – Olav Floan, som guidar oss, skal ha 500 kr for guidinga. Vi gir
    i tillegg ei bok frå Nord-Trøndelag historielag.
    – Styret møter opp i god tid, ca. 15.30 – 15.45.
    – Hågen tar med gavebok/bøker.

b. Armfeldt v/Gaute. (forfall)
– Program som vedtatt framlegg på førre møtet. Sjå vedlegg.
VEDTAK: p.g.a. press på datoar set vi ut turen til
(samr.) ettersommaren-hausten.

  1. RAPPORT FRÅ BOKNEMNDA v/Randi
    Det ligg over stoff frå siste år – ca. 40 sider.
    Nemnda er i rute. Vi kan nemne stoff om «Armfeldt», «Brødrene Torkildsen», «Levanger historielag 40 år», m.m.

  1. ORIENTERING FRÅ JÄMT-TRØNDSKE HISTORIEDAGAR v/Hågen
    Dagane var i Stuggudalen, på Vektarstuggu i Tydalen 25-27 mai 2018
    Hovudtema i år var stoff om «Armfeldt-toget» og menneskelagnader omkring dette.
    Det var i det heile interessante dagar.

  1. AKTIVITETAR TIL HAUSTEN
    Aktuelt tema på møte er «Armfeldt-togets verknader på lokalsamfunnet/a».
    Aktuelle foredragshaldarar: Svein Karlsen, tidl. miljøvernsjef i Nord-Trøndelag fylkeskommune, og Frode Lindgjerdet, frå «Rustkammeret» i Trondheim.

  1. SLEKTSKAFFE/KAFÈ v/Einar Hojem
    Einar har teke over etter Birgit Reistad som slutta etter mange års arbeid. Jon Steinar Munkeby held fram som før.
    Slektskaffèen er siste laurdag i månaden. Etter plana blir det 3 dagar før jul 2018 og 4 gonger etter jul 2019.
    Som før er det hjelp å få kvar tysdag- Jon Steinar er som regel til stades kvar dag.

  1. EVENTUELT
    Utsett.

NB:

Neste møte blir 3. juli klokka 15.30 (halv fire).

Etter møtet var det kaffeservering med masse godt tilbehør. Det smakte godt!

Møteboka godkjend.
Åshild Bjørgum Øwre – sekr- (s.)
Hågen Ven (s), Egil Moen (s.), Anton Skei (s.), Randi Berget (s.),
Einar Hojem (s.).

Årsmøte 20. mars

UTSKRIFT AV MØTEBOK 2018

ÅRSMØTE i Levanger historielag
tysdag 20. mars 2018 klokka 18.00 på biblioteket, Levanger.

18 stk. møtte.

Hågen Ven ønskte vel møtt. Møtet var gjort kjent med annonse i
«Trønder-Avisa» og «Innherred» 20. februar-18.

1. GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE

VEDTAK: Godkjend utan merknad.

2. VAL AV MØTELEIAR: Hågen Ven                   –  Vald.

VAL AV SEKRETÆR:  Åshild Bjørgum Øwre – Vald.

3. VAL AV 2 REPRESENTANTAR TIL Å SKRIVE UNDER MØTEBOKA

Per Mølnås og Lene Strøm – Vald.

4. ÅRSMELDING

Hågen Ven gjekk gjennom årsmeldinga som var utdelt.

Det vart gitt høve til spørsmål/kommentarar.

Positiv tilbakemelding på arbeidet som er utført.

5. REKNESKAP

Kasserar Øystein Haugen gjekk gjennom rekneskapen, som var utdelt, og kommenterte einskilde punkt. Han svarte på spørsmål vedr. balansen.

Rekneskapen er revidert og funne i orden.

VEDTAK: Rekneskapen godkjend. (Samr.)

6. ARBEIDSOPPGÅVER/ARBEIDSPLAN – 2018

Framlegg til arbeidsplan frå styret vart delt ut.

Det utdelte framlegget vart supplert med 2 punkt:

– studiearbeid

– arbeid med konfirmantbilder

VEDTAK: Styrets forslag, med tillegg av desse to punkta, vedtatt (samr.)

7. BUDSJETT FOR 2018

Framlegg til budsjett (utdelt) vart gjennomgått av kasserar.

Det vart opna for spørsmål/kommentarar.

VEDTAK: Budsjettet godkjend (samr.)

8. FASTSETTING AV KONTINGENT

Styrets framlegg:

Kontingenten blir som før, 150/200 kr (150 kr for einskildpersonar,

200 kr for ektepar/grupper).

VEDTAK: Styrets framlegg godkjend (Samr.)

9. INNKOMNE SAKER

A. Omorganisering av bygdeboknemnda.

Ark med saksframlegg og styrets innstilling, utdelt.

VEDTAK: Styrets innstilling vedtatt. (Samr.)

B. Forslag frå Ola Indgaard.

Ark med forslaget og styrets vurdering, utdelt.

VEDTAK: Styrets vurdering godkjend (Samr.)

10. VAL

Valnemndas forslag (utdelt)

VEDTAK: Vedtatt med akklamasjon.

Åshild Bjørgum Øwre, referent (sign.)

Møteboka godkjend.

Per Mølnås (sign.)         Lene Strøm (sign.)

%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%

Etter årsmøtet:
Kl. 19.30: Åpent møte – i samarbeid med «Foreningen Norden».
Tema: «Armfeldts karolinere på Innherred» v/Roald Veimo.

Ca. 70-80 tilhøyrarar.

Kaffe og brød. Møtet ferdig ca. kl. 21.00.
ÅBØ

Styremøte 6. mars 2018

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE i Levanger historielag
tysdag 6. mars 2018 klokka 18.00 på biblioteket, Levanger.

Til stades: Hågen Ven, Øystein Haugan, Anton Skei,
Gaute Ulvik Haugan, Hilde Løvås og Åshild Bjørgum Øwre.
Forfall: Egil Moen, Randi Berget og Hans Hallan.

1. ÅRSMØTET 2018

a – Årsmelding.

Framlegg til årsmelding utarbeidd av Hågen Ven, justert etter

vedtak 6. februar, lagt fram.

VEDTAK: Meldinga blir lagt fram for årsmøtet

(samr)      som styrets melding.

b- Rekneskap.
Det framlagte rekneskap – som er revidert og funne i orden –
blir lagt fram på årsmøtet.
VEDTATT  (samr.)
Budsjett.
Utkast for 2018 lagt fram. Framlegget vart gjennomgått
og kommentert.
VEDTAK Blir lagt fram på årsmøtet.
(Samr.)
c – Handlingsplan.
Framlagt forslag til arbeidsplan vart kommentert og supplert.
VEDTAK: Blir lagt fram for årsmøtet.
(Samr.)
d – Kontingent.
VEDTAK: Som før, 150/200 kr.
e – Bygdeboknemnda blir lagt som nemnd under historielaget.
VEDTATT. Blir lagt fram på årsmøtet.
(Samr.)
f –  Innkome framlegg frå Ola Indgaard.
VEDTAK: Blir lagt fram for årsmøtet.

g. Praktiske spørsmål vedr. organisering av møtet etter
avslutta årsmøtedel.
h. Spørsmål om opphavsrett til bileta i «klokkeboka». Blir undersøkt
og svar blir sendt Ålen historielag.

Rett utskrift.           Aa. Bjørgum Øwre  – sekretær  –

Styremøte 6. februar 2018

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE i Levanger historielag
tysdag 6. februar 2018 klokka 18.00 på biblioteket, Levanger.

Til stades: Hågen Ven, Øystein Haugan, Hans Hallan, Anton Skei,
Gaute Ulvik Haugan og Åshild Bjørgum Øwre.
Forfall: Egil Moen, Hilde Løvås, Egil Joar Moen, Randi Berget.

1. ÅRSMØTET 2018

a – Årsmelding.

Framlegg til årsmelding utarbeidd av Hågen Ven vart delt ut

og gjennomgått.

VEDTAK: Med eit lite tillegg blir denne lagt fram for årsmøtet

(samr)      som styrets melding.

b- Rekneskap.
Årsresultat utdelt av kasserar.
VEDTAK: Blir lagt fram på årsmøtet.
(samr.)
Budsjett-utkast for 2018 lagt fram.
VEDTAK: Budsjettet blir tatt opp på neste styremøte.
c – Tid og stad:
Årsmøtet blir på biblioteket 20. mars klokka 18.00.
d – Foredrag/fagleg innslag?
Ein del namn vart nemnt.
Gaute undersøker til neste styremøte.
e – Kunngjering gjennom avisene og e-post.
f –  Kontingent
VEDTAK: Styret sitt framlegg: Uendra kontingent (kr 150/200)
(samr.)

2 – MARSIMARNA`N
Ønskje frå Hogne Heir vedr. konfirmasonsbilete.
VEDTAK: P.g.a. manglande kapasitet deltek vi ikkje i år.
(samr.)

3 – BYGDEBOKNEMNDA
Spørsmål frå Johannes Vongraven, leiar av bygdeboknemnda,
om historielaget kan overta nemnda.
Historielaget er positiv til dette, men vil få undersøkt vedr.
kommunens rolle  i nemnda.
(Tilføying: Johannes Vongraven opplyser at samarbeidet med
kommunen om nemnda vart oppsagt da omorganisering til privat
nemnd skjedde for mange år sidan. Alt den gongen var det framlegg
om at nemnda skulle ligge under historielaget slik dei andre nemndene
laget har oppretta, gjer).

4 – NEMNDER

Utsett til etter årsmøtet.

5 – MEDLEMSBLAD
Kjem ut etter årsmøtet.
Fagleg tema: Ei «Armfeldt-historie»

6 – EVENTUELT
Gaute orienterte om aktivitetar kring «Armfeldt». Levanger ligg noko
etter naboane. Samarbeid med Verdal, evt. Stjørdal eller liknande ville
vera positivt. Kunne gjerne gi ut eit «Armfeldt-hefte» i lag.

Rett utskrift.

Aa. Bjørgum Øwre
–   sekretær   –