Styremøte; 5. juni 2018

UTSKRIFT AV MØTEBOK
Styremøte i Levanger historielag,

tysdag 5. juni 2018 klokka 17.00 hos Hågen Ven.

Forfall: Øystein Haugan, Hilde Løvås, Gunnar Kjølen og
Gaute Ulvik Haugan.
Underskrivne møtte,- Einar Hojem frå sak 6.

SAKER:

  1. BYGDEBOKNEMNDA. Oppnemning.
    Jfr. Årsmøtevedtak.
    VEDTAK: Arbeidsutvalet blir valt til styre.
    (Samr.) Dei konstituerer seg sjølv.

  2. TURPLANAR
    a. Hestøya v/Anton.
    – Båt frå Holsand klokka 16.30 torsdag 7. juni. Retur kl. 19.30.
    – Ca. 20 påmeldte.
    – Kvar betaler 100 kr.
    – Vi har med kaffe og mat kvar for oss.
    – Olav Floan, som guidar oss, skal ha 500 kr for guidinga. Vi gir
    i tillegg ei bok frå Nord-Trøndelag historielag.
    – Styret møter opp i god tid, ca. 15.30 – 15.45.
    – Hågen tar med gavebok/bøker.

b. Armfeldt v/Gaute. (forfall)
– Program som vedtatt framlegg på førre møtet. Sjå vedlegg.
VEDTAK: p.g.a. press på datoar set vi ut turen til
(samr.) ettersommaren-hausten.

  1. RAPPORT FRÅ BOKNEMNDA v/Randi
    Det ligg over stoff frå siste år – ca. 40 sider.
    Nemnda er i rute. Vi kan nemne stoff om «Armfeldt», «Brødrene Torkildsen», «Levanger historielag 40 år», m.m.

  1. ORIENTERING FRÅ JÄMT-TRØNDSKE HISTORIEDAGAR v/Hågen
    Dagane var i Stuggudalen, på Vektarstuggu i Tydalen 25-27 mai 2018
    Hovudtema i år var stoff om «Armfeldt-toget» og menneskelagnader omkring dette.
    Det var i det heile interessante dagar.

  1. AKTIVITETAR TIL HAUSTEN
    Aktuelt tema på møte er «Armfeldt-togets verknader på lokalsamfunnet/a».
    Aktuelle foredragshaldarar: Svein Karlsen, tidl. miljøvernsjef i Nord-Trøndelag fylkeskommune, og Frode Lindgjerdet, frå «Rustkammeret» i Trondheim.

  1. SLEKTSKAFFE/KAFÈ v/Einar Hojem
    Einar har teke over etter Birgit Reistad som slutta etter mange års arbeid. Jon Steinar Munkeby held fram som før.
    Slektskaffèen er siste laurdag i månaden. Etter plana blir det 3 dagar før jul 2018 og 4 gonger etter jul 2019.
    Som før er det hjelp å få kvar tysdag- Jon Steinar er som regel til stades kvar dag.

  1. EVENTUELT
    Utsett.

NB:

Neste møte blir 3. juli klokka 15.30 (halv fire).

Etter møtet var det kaffeservering med masse godt tilbehør. Det smakte godt!

Møteboka godkjend.
Åshild Bjørgum Øwre – sekr- (s.)
Hågen Ven (s), Egil Moen (s.), Anton Skei (s.), Randi Berget (s.),
Einar Hojem (s.).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *