Styremøte i Levanger historielag 10.jan 2012 – kl 18.00
Stad: Biblioteket
Forfall: Anne-Sofie Lullau og Liv Kjønstad
Underskrivne møtte
Leiar ønskte vel møtt.
Sakliste godkjend
Ola Indgaard innkalla til sak 2 og 3, rekneskap og budsjett, som vart gjennomgått først.
Sakliste:
1. Årsmelding
2. Rekneskap
3. Budsjett
4. Arbeidsoppgåver
5. Innkjøp av fotostasjon
6. Boksalget
7. Eventuelt
SAK 2/12 REKNESKAP
Dok: Utsendt rekneskapsframlegg
Ola Indgaard gjekk gjennom det utsendte framlegget
– Det framlagte rekneskap syner eit godt resultat, og blir framlagt på årsmøtet for godkj.
SAK 3/12 BUDSJETT
Dok: Framlagt budsjettframlegg
Ola Indgaard gjekk gjennom framlagt budsjettframlegg
Vedtak: Budsjettet blir lagt fram for årsmøtet til godkjenning.
(samst)
SAK 5/12 INNKJØP AV «FOTOSTASJON»
Laget har samla inn, og har elles mange bilete.
Innkjøp av program hadde vore nyttig for å få orden på samlinga vår.
Kostnaden blir kr 5.000 (ca)
Ola Indgaard er villig til å ta på seg arbeidet med systematiseringa.
Vedtak: Laget kjøper inn nemnde fotoprogram.
(samst)
SAK 4/12 ARBEIDSOPPGAVER
Dok: Framlagt forslag i 14 punkt
Vedtak: Det framlagte forslaget blir lagt fram for årsmøtet
(samst)
SAK 6/12 BOKSALGET
Boksalget har gått bra, men vi mangler nokre selgjarar da 4 stk har slutta.
SAK 7/12 KONTINGENT – FRAMLEGG FRÅ STYRET
Styret foreslår uendra kontingent kr 150,-/år
SAK 8/12 EVENTUELT
a. Vi adopterar ein Eidsvollmann. Saka blir utsett.
Møteboka opplese og godkjend
Aa. Bjørgum Øwre – ref
Johs. Vongraven
Arnhild Haugbotn
Øystein Bergsve
Tormod Buran
Hågen Ven
Helge Bakken