Styremøte 3/9-2024

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TYSDAG 3/9-2024

KLOKKA 15.30 PÅ  BIBLIOTEKET, LEVANGER

Forfall: Einar Hojem.

Underskrivne møtte.

 SAKER:

1.ØKONOMI

   Medlemslister og økonomi v/kasserar og leiar.

   Det er lagt stort arbeid i å ajourføre medlemslistene (Anton, Øystein, Oddny).

   Det er kome inn etterbetaling av kontingent. Det blir ikkje meir purring

   for 2024.

   Vi har fått ein del nye medlemmar.

   Vi vart samde om at vi (det einskilde styremedlem) får oppdaterte

    medlemslister og følgjer opp i vårt område.

    Familiemedlemskap vart diskutert. (Avviklast?)

2.ÅRBOK 2024

   Status og førebuing v/Oddny.

   Boka er i rute.

   Liste over seljarar vart gjennomgått. Trengs fleire.

3.DIGITALT MEDLEMSBLAD

   Digitalt medlemsblad er mykje rimelegare enn blad i posten.

   Dersom overgang til dette (digitalt): Informasjon er viktig – skriv om

   alternativa i medlemsbladet.

4.ORIENTERINGAR

   – Slektskafe` hausten -24 (starten haust -24). Mailar går no til Einar.

   – Reg. av «varselbål» («våttå», vete) – ønske om registrering. Kapasitet?

   – Medlemstur – haust -24. Forslag: – Markabygda

                                                            – Vitenskapsmuseet

                                                            – Justismuseet

     Framlegg blir presentert på neste møte.

     (Mail frå turansv. 7/9: Vi prøver Markabygda 12. oktober).

   – Foredrag om Landslova 1. oktober kl. 18.00 v/Jostein

     Faghist. Øystein Viken og Åshild Karevold- Biblioteket kl. 18.00.

     Jostein ansvarleg frå historielaget, Vidar Lund frå biblioteket.

   – Dokument i lageret på Brusve. Saka utsett.

 – Bygdeboknemnda – status v/Jostein.

   Korleis kome i gang på Ekne? Bygdeboknemnda har fastsett møte på Haugen

   på Ekne, 15. oktober. Kartlegging: Kva ønskjer Ekne?

                                                                                               Møtet slutt kl. 17.45

 Boka godkjend.

Aa. Bjørgum Øwre – sekr. – (s.), Gunnar Kjølen (s.), Hilde Løvås, (s.),

Oddny Bjøraas (s.), Øystein Haugan (s.), Inge Bjørkli (s.), Anton Skei (s.),

Jostein Trøite (s.).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *