Styremøte 5/3-2014

Styremøte på biblioteket kl. 1600.
Forfall: Øystein Bergsve.
Underskrevne møtte.

SAK 13/14:   Møtedager for styret.
Vedtak: Faste møtedager for styret blir første måndagen k kvar månad fra kl. 1800-2000.

SAK 14/14:   Grunnlovsjubileet 9. mars 2014.
Historielaget har tidlegare vedteke å betala kr. 2.000,- for buss denne dagen. Etter påmelding ser det ut til at det trengs ein liten buss i tillegg.
Vedtak:
Historielaget betaler begge bussane.

SAK 15/14:   De langsiktige oppgavene – nemnder (Salgsnemnda).
Vedtak:
Randi Berget går inn i salgsnemnda.

SAK 16/14:   Bilete av Ola Garlaus.
Historielaget har mottatt eit bilete av Ola Garlaus frå ein givar i Moss.
Vedtak:
Vi gir bildet til Snåsa Folkemuseum avdi Ola Garlaus var frå Snåsa.

SAK 17/14:   Vårmøte.
Tidspunkt: Torsdag i perioden 20/3 – først på april. Innslag: Vi spør Ingrid Ystgaard om innslag evt. «ekskursjon» med foredrag til sjukehusmuseet først på april og Ingrid Ystgaard til hausten.
Vedtak:
Åsen Museum- og historielag blir invitert.

SAK 18/14:   Andresen-videoane.
Espen Rønning kan spele desse over på DVD. Pris kr. 180,- + 90,- for kopiar.
Vedtak:
Vi tingar 1 eks av kvar kasett på DVD (9 stk.). Kostnad blir kr. 1.620,-.

SAK 19/14:   Kalkomnane – Halsteinan.
Vedtak:
Leiar Johs. Vongraven tar kontakt med kultursjef Odd Håpnes om sakene.

Møteboka opplest og godkjent.