STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TYSDAG 6/8-2024
KLOKKA 15.00 PÅ YTTERØYA HOS ÅSHILD BJØRGUM ØWRE.
Forfall: Anton Skei, Inge Bjørkli, Jostein Trøite og Øystein Haugan.
Underskrivne møtte.
SAKER:
1.KANDIDAT TIL VALNEMNDA I NORD-TRØNDELAG HISTORIELAG
Forslaget vårt blir sendt til Nord-Trøndelag historielag.
2.KULTURMINNEDAGANE 31. august – 8 september.
Orientering v/Oddbjørg Bjøraas.
Vi arbeider etter oppsett plan (Alstadhaug 7/9- kl. 12.00)
3.MINNEGÅVE – OLA INDGAARD
(Vi har tidlegare vedteke at benk med minneplate skal tingast og settast opp
på Roknesvollen).
Prisen blir kr. 16.500,- Om det er for lite i minnegåva, dekker historielaget
meirkostnaden.
Skal plata vere på bordet – eller på ein stein?
Vi diskuterte ut frå framlagt forslag/oversyn. Vil helst – om muleg – ha plata
på bordet.
4.ADMINISTRASJON AV HISTORIELAGET SINE BILETE/BRUK AV
DESSE
Orientering: Fleire spør om å få bruke av historielaget sitt bildearkiv.
Hogne Heir har sett opp eit framlegg vedr. betaling for å få bruke av bileta.
Vi synes det er rimeleg med noko godtgjering til laget. Vedtak ikkje fatta.
5. SOMMARMARTNAN
Orientering.
Vi hadde godt sal av bygdebøker. Deltaking er god reklame for laget.
6. FOREDRAG OM LANDSLOVA TYSDAG 1. oktober
Vi får meir informasjon når Jostein Trøite er til stades.
7. BUSSTUR – HAUST 2024
Turgruppa tar opp dette på neste møte.
8.MEDLEMSBLAD – utsending pr. e-post?
Framlagt: Forslag til utsending til medlemmane.
Saka vart diskutert og utsett.
9.GRAVMINNE
Orientering v/ Gunnar/Åshild som har vore på møte med kyrkjevergen.
Bakgrunn: Info gjennom avisa om fjerning av gravstøtter.
Vi ønskjer meir og betre informasjon.
VEDTAK: Saka blir følgd opp (gruppemøte Å, G, H,) som legg fram
(Samr.) forslag på oktobermøtet.
10. SLEKTSKAFE`
Ei viktig sak som blir følgd opp m.a. gjennom «Medlemsbladet».
Vi må ha minst 2 stk frå historielaget med.
Div. informasjon til slutt.
Boka godkjend.
Aa. Bjørgum Øwre – sekr. – (s.), Gunnar Kjølen (s.), Hilde Løvås, (s.),
Einar Haugan (s.), Oddny Bjøraas (s.).