Styremøte 6/10-2014

Styremøte i Levanger Historielag på Levanger Bibliotek, 6. oktober, kl. 1800.
Avbud: Sveinung Havik. Underskrivne møtte. Jan Roger Sivertsen møtte under sak 39/14.

Sak 39/14: Halssteinan – avskoging.
Det er behov for å rydde bygdeborga for skog. Saka er tatt opp tidlegare men gjennom fylkesarkeolog Lars Forseth, men saka er ikkje kome lenger. Jan Roger Sivertsen og Johs. Vongraven orienterte om kva som må gjerast – og saksgang vedr. Halsteinan.
Vedtak:
Torsdag 16. oktober kl. 1000 møtes Jan Roger Sivertsen og Johs. Vongraven (samt evt. fleire frå styret) for å sjå på området.

Sak 40/14: Årboka – salg.
Boka vil vera ferdig ca. midten av november. Gjennom åra har vi hatt godt salg på «Mega». Dette fell bort i år da «Mega» er under ombygging.
Vedtak: Vi prøver salg på Coop Extra i år.

Sak 41/14: Forslag om samarbeidsprosjekt.
Dok:
Brev frå Vivi Ann Sivertsen Rotmo om samarbeid om eit arrangement om sykkelens historie.
Vedtak: Styret er positiv og inviterer Rotmo til neste møte for å diskutere saka.

Sak 42/14: Bytte av årbøker.
Hilde Løvås tok opp saka om evt. bytteavtale med Norsk Skipsfartsmuseum etter førespurnad frå dei. Hilde undersøker om det gjeld boka.
Vedtak: Vi svarer positivt for dette året.

Boka opplese og vedtatt.
Aa. Bjørgum Øwre, Johs. Vongraven, Liv S. Kjønstad, Hågen Ven, Martin Granås og Hilde Løvås