Styremøte på Levanger Bibliotek kl. 1800.
Forfall: Martin Granås, Liv S. Kjønstad. Underskrevne møtte.
Sak 25/13: Røvik kirke.
Skiltet er ferdig. Det står att å finne dato. Datoen for avduking blir fastsatt i samråd med Eirik Bakken.
Sak 26/13 Heimesida.
Margunn Amundsen har sagt opp stillingen som redaktør for heimesida. Ein må akseptere dette. Styret meiner heimesida er så viktig at ein at ein prøver å få nokon til å ta over redaktøransvaret.
Sak 27/13: Befaring på Geite.
Torun Herje er spurt om fortelje/halde hist. foredrag om Geite, men har takka «nei». Turnemnda har spurt tidlegare eigar av garden, Ola Jørstad – som har sagt «ja» til å orientere.
Sak 28/13: Åpent møte/medlemsmøte – ca. midten av sept.
Det er stemning for å ha eit medlemsmøte på Rinnleiret.
Vedtak: Rolf Vestvuj eller ein annan frå «Rinnleirets Venner» blir spurt om å orientere/fortelje.
Sak 29/13: Årboka.
Antall. Kor mange skal vi trykke? Siste år vart det trykt 1100 eks. Vi har 94 i rest.
Vedtak: Vi trykker 1050 bøker for 2013.
Neste styremøte – 3. september – blir på Holte. Oppmøte kl. 1700.
Protokoll opplest og vedtatt.
Aa. Bjørgum Øwre, Sveinung Havik, Johs. Vongraven, Hilde Løvås, Øystein Bergsve, Arnhild Haugbotn og Hågen Ven.