STYREMØTE 3/12-2024

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TYSDAG 3/12-2024

KLOKKA 15.30 PÅ  BIBLIOTEKET, LEVANGER

Forfall: Inge Bjørkli, Gunnar Kjølen.

Underskrivne møtte.

 SAKER:

1.ØKONOMI

   Status vedr. sal av årbok/årbøker på Dampskipsbrygga.

   Orientering v/Øystein.

   Det var bra arrangement på Dampskipsbrygga og Salet var godt.

2. MEDLEMSBLAD

    Produksjon og utsending.

    Manus er ferdig og blir satt opp av Sveinung.

3.MEDLEMSLISTA

   Få som ikkje har betalt – ikkje betalte må strykas frå lista. Bør gjeres før

   årsmøtet. Øystein, Anton og Oddny går gjennom listene.

4.MEDLEMSFORDELAR

   Alle tenker igjennom dette.

 5. UTVANDRARJUBILEET

     Minneinnsamling via intervju. Dokument sendt alle i forkant.

     Vi jobbar med saka.

6. ORIENTERINGSSAKER

    -Halvårsmøte i Nord-Trøndelag Historielag 15/10-24 på Skatval.

     40-50 til stades. 4 stk frå Levanger.

    -Lansering av årbok og kalender 18/11-24. Pr. i dag godt sal.

    -FØRJUL på Dampskipsbrygga. Suksess. Mykje folk. Godt sal+ hygge.

    -Slektskafe 30/11-24. Roleg dag, men stadig ein del spørsmål.

    -Presentasjon av årbok mm på onsdags- kaffe, Brusve 27/11-24.

     Litt lite folk, men ein del sal. Hilde stilte.

    -Årbokregister-oppdatert. 1 eks. på biblioteket.

    -Rydding – lager Brusve. Fint no, men ein god del papir må vi gå gjennom.

7. EVENTUELT

    -Stoff frå Nelius Hallan.

     1 eks. til kvart styremedlem. Kva gjer vi med dette?

     Blir tatt opp på eit seinare møte.

    -Aktuelt med ajourføring av Levanger-boka. Ein del drøftingar på gang

    Møtet slutt kl. 17.30

    Boka godkjend.

Aa. Bjørgum Øwre – sekr. – (s.), Oddny Bjøraas (s.), Anton Skei (s.),

Øystein Haugan (s.), Einar Hojem (s.),  Jostein Trøite (s.),Hilde Løvås, (s.).

%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%

Etter møtet gjekk vi til Backlund for juleavslutning (Karbonade, dessert, kaffe).

13 stk til stades.(Styret, redaksjon for årboka,kalenderen, medlemsbladet, heimesida, slektsutvalet).

God servering og triveleg selskap/kveld.

Ref.

STYREMØTE 5/11-2024

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TYSDAG 5/11-2024

KLOKKA 15.30 PÅ  BIBLIOTEKET, LEVANGER

Forfall: Ingen.

Underskrivne møtte.

 SAKER:

1.ØKONOMI

   v/Øystein

    Kasserar gjekk gjennom rekneskapen og kommenterte einskilde postar.

    Greitt og oversiktleg rekneskap.

2. ÅRBOK OG KALENDER

    Presentasjon.

    -Årboka forseinka p.g.a. feil i sidenummereringa.

    -Kalenderen er i sal.

    -Orientering om prisane og rabattar – vedlagt ark.

    -Seljarar kvitterer ut for mottatte bøker.

3.HALVÅRSMØTE I NORD-TRØNDELAG HISTORIELAG

   Tid og stad: Laurdag 9/11-24, Framnes stadion, Myramarka 3, Skatval.

   Deltakarar frå Levanger historielag: Øystein Haugan, Oddny Bjøraas.

   Ønskjeleg at Levanger historielag vervar 3 nye tingarar til

   Nord-Trøndelag historielag si Årbok.  

4.MEDLEMSBLAD

   v/Hilde som orienterte om innkome – og venta stoff.

    Det er rikeleg og variert stoff. Oddny skriv leiar og får med litt nyttig

    informasjon t.d.om medlemskap m.v.

 5. HØRINGSUTTALE – LEVANGER KOMMUNE

    v/Jostein

    Uttale til Kommuneplanens samfunnsdel frå Levanger historielag:

    Til satsingsområde: «Bærekraftige og attraktive lokalsamfunn.»

    Under «Slik vil vi ha det: Vi har et mangfold av kunst, kultur og

    kulturmiljøer som er ressurser for opplevelser, verdiskaping og kunnskap»

    har Levanger historielag forslag til følgende tilleggspunkt for «Slik vil vi

   gjøre det»:

    -Kommunen bruker verdifulle kulturmiljøer ved besøk i kommunen, og i sin

     markedsføring.

    -I lokale læreplaner anbefales bruk av lokale kulturmiljøer som

     kulturformidling, historieundervisning og i lokalt identitetskapende arbeid.

    -Arbeid med bygdebøker og andre lokalhistoriske skrifter og bevaringsarbeid

     støttes av kommunen.                                                                                  

    -Bevaring av gravminner. (Vedlegg).

6. UTVANDRERJUBILEET 2025

    Kva gjer vi?

    Amerikabrev? Grendamøte med opplesing.

    Aktivisere/involvere ein skoleklasse.

    Samarbeid med kommunen v/Biblioteket.

7. SAMANKOMST FØR JUL

    Vi tar same dag som styremøtet i desember (tidleg styremøte).

8. MEDLEMSFORDELAR

    Saka vart diskutert. Vi kjem tilbake til dette.

9. ORIENTERING

   – Stoff frå Turid Hallan Buarøy – skrive av Nelius Hallan.

     Vi bed om å få dette tilsendt.

   -Skriv frå Gunnar S. Kristiansen. Sak for skriftstyret.

  • Møtet slutt kl. 17.15

 Boka godkjend.

Aa. Bjørgum Øwre – sekr. – (s.), Oddny Bjøraas (s.), Anton Skei (s.),

Øystein Haugan (s.), Inge Bjørkli (s.), Einar Hojem (s.),

Gunnar Kjølen (s.), Jostein Trøite (s.),Hilde Løvås, (s.).

Styremøte 1/10-2024

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TYSDAG 1/10-2024

KLOKKA 15.30 PÅ  BIBLIOTEKET, LEVANGER (slutt kl. 17.00)

Forfall: Inge Bjørkli

Underskrivne møtte.

 SAKER:

1.ØKONOMI
   Saka omfattar og status vedr. kontingent m.a. og annonse for

   kulturminnedagane (2971,-kr.), benk Roknesvollen (6875,-kr).

   Økonomien er god.

2.TUR TIL MARKABYGDA, LAURDAG 12. OKTOBER

    Orientering v/Anton

    Klokka tolv er det oppmøte på/ved Hallan.   

    Tema: Gamle Hallan kyrkje.

    Kaffe etter kvart – hos Ingrid Hallan – før turen til Buran.

    Bok/bøker som takk til vertskapet (Hallan/Buran).

3.ÅRBOKA 2024

    Dok.: Liste over seljarar utdelt.

   Boka kjem til farsdag – 10. november ? (Avhengig av bokbinderiet).

   Vi diskuterte om vi har nok seljarar, vi diskuterte og pris på boka, evt om

   Medlemmar får boka billegare.

   Vi kjem tilbake til saka på neste møte.

4.ORIENTERINGAR

   – Førjulsmartnaden på Dampskipskaia 30. november,

     Kommunen har trekt seg ut,

     men historielaget stiller saman med bymuseet

   – Rydde dokument på Brusve Viktig sak! Vi kjem tilbake til tidspunkt.

   – Landslaget for lokalhistorie –webinarprogram – Oddny påmeldt.

   – Åpent møte på Haugen, Ekne vedr. bygdebok. Korleis kome i gang?

     Jostein har snakka med ein del eknesbygger. Kunngjering er viktig!

   – Sal eldre historiske kalenderar. Pris no: 50 kr.

   –  Medlemsbladet. Forslag til innhald utdelt.

   – Slektskafe laurdag 28. september v/Einar.

     Slektsnøtter løyst, mykje folk. Vellykka dag!

   – Kommunen ønskjer innspell frå frivillige lag/organisasjonar på: Korleis vil

     vi ha det i kommunen? Skrivet blir ettersendt.

    5.  OPPSUMMERING- GJENNOMFØRTE ARRANGEMENT

        – Kulturminnedagne 2024.

         Alle arrangementa var vellykka (Ingvaldsengården i Verdal, Brusve med

         skoleklasse og Alstadhaug (s.115 og 116)

  • Slektskafe – sjå punkt under sak 4                                                                                     
  • Møtet slutt kl. 17.15

 Boka godkjend.

Aa. Bjørgum Øwre – sekr. – (s.), Gunnar Kjølen (s.), Hilde Løvås, (s.),

Oddny Bjøraas (s.), Øystein Haugan (s.), Einar Hojem (s.), Anton Skei (s.),

Jostein Trøite (s.).

%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%%

Etter styremøtet hadde historielaget – i samarbeid med biblioteket – åpent møte om Landslova v/Øystein Vik frå Nord Universitet.

Kaffe med kringle til frammøtte ved ankomst.

Svært interessant kveld. Mellom 60-70 frammøtte.

ÅBØ

Styremøte 3/9-2024

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TYSDAG 3/9-2024

KLOKKA 15.30 PÅ  BIBLIOTEKET, LEVANGER

Forfall: Einar Hojem.

Underskrivne møtte.

 SAKER:

1.ØKONOMI

   Medlemslister og økonomi v/kasserar og leiar.

   Det er lagt stort arbeid i å ajourføre medlemslistene (Anton, Øystein, Oddny).

   Det er kome inn etterbetaling av kontingent. Det blir ikkje meir purring

   for 2024.

   Vi har fått ein del nye medlemmar.

   Vi vart samde om at vi (det einskilde styremedlem) får oppdaterte

    medlemslister og følgjer opp i vårt område.

    Familiemedlemskap vart diskutert. (Avviklast?)

2.ÅRBOK 2024

   Status og førebuing v/Oddny.

   Boka er i rute.

   Liste over seljarar vart gjennomgått. Trengs fleire.

3.DIGITALT MEDLEMSBLAD

   Digitalt medlemsblad er mykje rimelegare enn blad i posten.

   Dersom overgang til dette (digitalt): Informasjon er viktig – skriv om

   alternativa i medlemsbladet.

4.ORIENTERINGAR

   – Slektskafe` hausten -24 (starten haust -24). Mailar går no til Einar.

   – Reg. av «varselbål» («våttå», vete) – ønske om registrering. Kapasitet?

   – Medlemstur – haust -24. Forslag: – Markabygda

                                                            – Vitenskapsmuseet

                                                            – Justismuseet

     Framlegg blir presentert på neste møte.

     (Mail frå turansv. 7/9: Vi prøver Markabygda 12. oktober).

   – Foredrag om Landslova 1. oktober kl. 18.00 v/Jostein

     Faghist. Øystein Viken og Åshild Karevold- Biblioteket kl. 18.00.

     Jostein ansvarleg frå historielaget, Vidar Lund frå biblioteket.

   – Dokument i lageret på Brusve. Saka utsett.

 – Bygdeboknemnda – status v/Jostein.

   Korleis kome i gang på Ekne? Bygdeboknemnda har fastsett møte på Haugen

   på Ekne, 15. oktober. Kartlegging: Kva ønskjer Ekne?

                                                                                               Møtet slutt kl. 17.45

 Boka godkjend.

Aa. Bjørgum Øwre – sekr. – (s.), Gunnar Kjølen (s.), Hilde Løvås, (s.),

Oddny Bjøraas (s.), Øystein Haugan (s.), Inge Bjørkli (s.), Anton Skei (s.),

Jostein Trøite (s.).

Styremøte 6/8 202424 på Biblioteket

STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TYSDAG 6/8-2024

KLOKKA 15.00 PÅ  YTTERØYA HOS ÅSHILD BJØRGUM ØWRE.

Forfall: Anton Skei, Inge Bjørkli, Jostein Trøite og Øystein Haugan.

Underskrivne møtte.

 SAKER:

1.KANDIDAT TIL VALNEMNDA I NORD-TRØNDELAG HISTORIELAG

   Forslaget vårt blir sendt til Nord-Trøndelag historielag.

2.KULTURMINNEDAGANE 31. august – 8 september.

   Orientering v/Oddbjørg Bjøraas.

   Vi arbeider etter oppsett plan (Alstadhaug 7/9- kl. 12.00)

3.MINNEGÅVE – OLA INDGAARD

   (Vi har tidlegare vedteke at benk med minneplate skal tingast og settast opp

   på Roknesvollen).

   Prisen blir kr. 16.500,- Om det er for lite i minnegåva, dekker historielaget

   meirkostnaden.

   Skal plata vere på bordet  – eller på ein stein?

   Vi diskuterte ut frå framlagt forslag/oversyn.  Vil helst – om muleg – ha plata

    på bordet.

4.ADMINISTRASJON AV HISTORIELAGET SINE BILETE/BRUK AV

   DESSE

   Orientering: Fleire spør om å få bruke av historielaget sitt bildearkiv.

   Hogne Heir har sett opp eit framlegg vedr. betaling for å få bruke av bileta.

   Vi synes det er rimeleg med noko godtgjering til laget. Vedtak ikkje fatta.

5. SOMMARMARTNAN

    Orientering.

    Vi hadde godt sal av bygdebøker. Deltaking er god reklame for laget.

6. FOREDRAG OM LANDSLOVA TYSDAG 1. oktober

    Vi får meir informasjon når Jostein Trøite er til stades.

7. BUSSTUR – HAUST 2024

    Turgruppa tar opp dette på neste møte.      

    8.MEDLEMSBLAD – utsending pr. e-post?

       Framlagt: Forslag til utsending til medlemmane.

       Saka vart diskutert og utsett.

    9.GRAVMINNE

       Orientering v/ Gunnar/Åshild som har vore på møte med kyrkjevergen.

       Bakgrunn: Info gjennom avisa om fjerning av gravstøtter.

       Vi ønskjer meir og betre informasjon.

       VEDTAK: Saka blir følgd opp (gruppemøte Å, G, H,) som legg fram

       (Samr.)      forslag på oktobermøtet.

 10. SLEKTSKAFE`

       Ei viktig sak som blir følgd opp m.a. gjennom «Medlemsbladet».

       Vi må ha minst 2 stk frå historielaget med.

Div. informasjon til slutt.

Boka godkjend.

Aa. Bjørgum Øwre – sekr. – (s.), Gunnar Kjølen (s.), Hilde Løvås, (s.),

Einar Haugan (s.), Oddny Bjøraas (s.).

Styremøte 4/6-2024

STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TYSDAG 4/6-2024

KLOKKA 18.00 PÅ  BIBLIOTEKET.

Forfall: Einar Hojem, Hilde Løvås.

Underskrivne møtte.

 SAKER:

1.ØKONOMI

   Status v/kasserar

   Status for Levanger historielag og div. andre (lag og foreiningar) vart lagt

   fram.

   Trass ein del uteståande (kontingent og boksal) – bra økonomi.

2.SAKER UNDER ARBEID

   a. ÅRBOKA

       Nok stoff – er i rute.

       Nytt trykkeri – no på Steinkjer.

   b. KALENDER

       Går sin gang.

   c. GRAVMINNE v/Åshild og Gunnar

       Nytt møte måndag 10/6-24 kl. ½-11.

3.ARBEIDSDELING I STYRET

   Informasjonsgruppe.

   Positivt om ein har ei gruppe som har ansvar her.

   Vi kjem tilbake til saka.

   Arrangementsansvarleg.

   Inge Bjørkli tar dette ansvaret. (Muleg og på slektskaffeen dei dagane det

   er muleg).

4.NORD-TRØNDELAG HISTORIELAG

   Framlegg om kandidat til valnemnda.

   Brev utsend av formannen vår (til nabolag). Er ikkje besvart.

   VEDTAK: Vi føreslår kandidat på augustmøtet.

5. PLIKTAVLEVERING TIL NASJONALBIBLIOTEKET

    Vi leverer pr. i dag 3 eksemplar bøker, småtrykk 2 eksemplar

    (medlemsbladet og liknande også).

6. ORIENTERINGSSAKER

     Arrangement

    1. Medlemsmøte – tema «Landslova» – Jostein Trøite ansvarleg.

     VEDTAK: Møte på biblioteket ty. 1/10-24. Åshild Karevold kjem.

        b.Åpent møte om gravhaugar (Torun Herje? Lars Forseth?)

    2. Levangsmartnan 31/7 – 3/8-24.

     VEDTAK: Vi deltek om vi får aktuell plass.

    3. Kulturminnedagen 31/8- 8/9.

     VEDTAK: Planleggingsmøte onsdag 12/6-24 kl. 12.00 på Dampskipsbrygga.

    4. Sofakampen 31/8-24. Delta?

      VEDTAK: Vi deltek ikkje.

      Andre saker

     1.Historielagets nettside og bildeserver.

     2.Demo. – søke i Nasjonalbiblioteket 18. juni kl. 15.30 v/Vidar Lund.  

     3.Varselbål. Reg. av vardar.

    Boka godkjend.

Aa. Bjørgum Øwre – sekr. – (s.), Jostein Trøite (s.), Gunnar Kjølen (s.),

Anton Skei (s.), Inge Bjørkli (s.), Øystein Haugan (s.), Oddny Bjøraas (s.).

Styremøte 7/5-2024

Referat fra styremøtet i Levanger historielag 07.05.2024 kl. 15.30

Til stede: Oddny Bjøraas, Einar Hojem, Gunnar Kjølen. Jostein Trøite, Anton Skei, Øystein Haugan, Hilde Løvås.

Jostein Trøite fikk permisjon fra møtet kl. 17.

Sakliste:

1. Møte med Vidar Lund – biblioteksjef
Diskutere samarbeidet mellom LHL og biblioteket
Avtale mellom Levanger bibliotek og Levanger historielag datert 10. mars 2011 er gjeldende avtale.

Vedtak: Stolene som historielaget har i Lokalhistorisk avdeling må byttes ut pga. slitasje. Vi får stoler fra Levanger bibliotek, gjenbruk.

Bildedatabasen til Levanger bibliotek (ca. 5 000 bilder). Den er ikke lenket videre pga. uklare rettighetsspørsmål. Vidar Lund setter opp eget møte om saken senere.

Vi tar en felles idédugnad om konkrete samarbeidstiltak med biblioteket på et senere tidspunkt. Mange forslag ble lagt frem.

2. Årsmøte NT Historielag 13.04.2024

  • Referat vedlagt
  • Forespørsel om medlemslagene kan selge 10 årbøker
    Vedtak: Levanger historielag tar 10 årbøker fra NT Historielag i kommisjon. Bøkene selges fra Levanger bibliotek.
  • Forslag til medlem i valgnemnd
    Vedtak: Forslag på kandidat til valgkomiteen NT Historielag tas opp på styremøtet i juni.

  • Samarbeid om Utvandrerjubileet i 2025 er satt på årsplanen for NT Historielag
  • Kurs Styre Web – forespørsel om kurs er sendt.

3. Årbok

  • Møte med Fagtrykk om årbok 2024
    Vedtak: Vi godkjenner avtalen med Fagtrykk for trykking av årboka. Leder bekrefter skriftlig til Fagtrykk.
  • Prisliste årbøker

Vedtak: Forslaget vedtatt som framlagt av Oddny Bjøraas. Styret kan fastsette tilbud på bøker i tillegg – ved ulike anledninger.

4. Status aktiviteter

  • Busstur v/Anton

17 påmeldte, må ha minst 25. Legger ut info på Facebooksiden vår og sender evt. SMS

  • Medlemsblad v/Hilde

Klart til trykking

  • Slektskafé v/Einar

Einar Hojem orientere.

Vedtak: Vi fortsetter med Slektskafeen.

Vi prøver å finne en person til fra historielaget i tillegg til Einar Hojem, for å hjelpe til med slekts spørsmål

LHL har mottatt tilbud fra Reidar Strømsøe om å benytte database. Innherredslekter (bok) er digitalisert, oppdateringer gjort og feil er korrigert. Einar synes dette ser ok ut.

  • Forslag medlemsmøte/ tema møte v/alle

Vedtak: medlemsmøte i september, fortrinnsvis etter styremøte. Ønskelig med foredrag om Landslovjubileet.

  • Verving – målsetting for 2024

Vedtak: Registerboka, så langt beholdningen rekker, årbok eller kalender, benyttes som velkomstgave i 2024. Leder sender velkomsthilsen.

  • Vervebrosjyre – utkast laget

En mer målrettet brosjyre utarbeides

  • Årbøker til skolene/ andre målgrupper v/ Jostein

Styret vurderer målgrupper som får årbøker:
Styret ble enige om 2 lag som hver får 10 årbøker for 2021.

Skole sett: Skogn barne- og ungdomsskole; Jostein Trøite har snakket med rektor om årbok 2005. Rektor kommer med tilbakemelding om det er aktuelt med klassesett..

  • Annet

Bilder:

Kassett med bilder fra Bygdebøkene er overført til Hogne Heir for digitalisering.

Styremøte Tirsdag 5/3-2024

STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TYSDAG 5/3 -2024

KLOKKA 15.30 PÅ  BIBLIOTEKET.

Forfall: Hilde Løvås.

Underskrivne møtte.

Oddny Bjøraas, ønskte vel møtt og leia møtet.

SAKER:

1.KONSTITUERING

– Leiar:       Oddny Bjøraas – årsmøtevald

– Nestleiar: Jostein Trøite

– Kasserar:  Øystein Lunnan

– Sekretær:  Åshild Bjørgum Øwre

b.Einar Hojem blir representant i skriftstyret

c. Hilde Løvås blir representant i medlemsbladet

d. Hogne Heir blir representant i kalenderutvalet

e. Anton Skei og Gunnar Kjølen repr. i turnemnda  

2.ÅRSMØTET

   Vi gjekk gjennom ein del praktiske ting, m.a. repr. i utval, (sak 1,b-c-d-e) 

3.ØKONOMI

   a. Status kontingent. Manglar frå 53 medlemmer.

   b. Sal på Marsimartnan,- salet gjekk godt, spesielt «Hoppboka».

4.MØTE VEDR. TRYKKERI

   VEDTAK: Vi tar opp saka på neste dtyremøte. Asbjørn Tingstad (redaktør)

    (Samr.)       blir invitert.

5. LAGER PÅ BRUSVE

    Vi snakka om:

   a. Arkiv – rydde

   b. Lagerlokale

   c. Arkivplass – Rådhuset – orientering

   Det kom mange gode framlegg (målgruppe) m.v. Vi kjem tilbake til saka.

   Vi tar ryddesjau tysdag 12/3 kl. ½ -11 på Brusve.

6. HEIMESIDA TIL HISTORIELAGET

    a. Oppdatere funksjonalitet.

    Vi bør ha eit møte med Tormod Hovd – som skal vera hjelpesmann.

    VEDTAK: Møte i mai.

7. BYGDEBOKNEMNDA

    Styret i bygdeboknemnda er det valde arbeidsutvalet i histtorielaget,dvs.

    leiar,Oddny Bjøraas, nestleiar, Jostein Tøite, kasserar, Øystein Haugan og

    sekretær, Åshild Bjørgum Øwre. (sjå sak 1).

8. ARKIVET ETTER JOHS. VONGRAVEN

    Vi kjem tilbake til saka.

    VEDTATT (Samr.)

9. GRAVMINNE

    Vi har ei gruppe som skal arbeide med dette: Gunnar Kjølen,

    Åshild Bjørgum   Øwre og (H.Ven, d.2023).

    Nytt medlem etter H. Ven: Hilde Løvås.

   VEDTATT (Samr.)

Sakene 10-12 utsett til neste møte.

Møteboka godkjend.

Aa. Bjørgum Øwre, sekr. (s.), Oddny Bjøraas, (s.), Anton Skei (s.),

Einar Hojem(s.), Gunnar Kjølen (s.), Øystein Haugan (s.). Inge Bjørkli (s.)

Anton Skei, (s.).

Styremøte Tirsdag 9/4-2024

STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TYSDAG 9/4 -2024

KLOKKA 15.30 PÅ  BIBLIOTEKET.

Forfall: Ingen.

Underskrivne møtte. Dessutan møtte redaktør for årboka, Asbjørn Tingstad, under sak 1.

SAKER:

1.ÅRBOKA. (Redaktøren, Asbjørn Tingstad, deltok)

   a. Nytt trykkeri.

   b. Prosessen med å lage årbok (utsett).

  Nytt trykkeri

  Kort orientering  v/Åshild om kvifor vi tenkjer på nytt trykkeri.

  VEDTAK: Ein tar kontakt med trykkeriet for å «stille spørsmål» slik at vi er

  (Samr.)      sikre før vi tar avgjerd. Desse drar: Oddny, Asbjørn og Åshild –

                    som kontaktar trykkeriet.  

2.ÅRBØKER TIL SKOLANE (Oppfølgjing av ryddesjau).

      Orientering v/Jostein.

      Vi held fram med arbeidet og kjem tilbake med/til saka.

3.PLAN og MØTE MED IT-RESSURS FOR BILLEDSERVER

   Orientering v/Oddny

   Den oppnemnde gruppa for å få dette «opp og gå», er i arbeid. Orientering om

   dette. Nytt møte er avtalt 13/4-24.

   Styret gir tilslutning til arbeidet og planane.

4.MEdLEMSBLADET

   v/Hilde

   Ei liste med mulege tema vart lagt fram, men meir stoff er ønskeleg.

5. LAGER ÅRBØKER – dokumenter og utstyr

    Vi har ikkje full oversikt (arbeid pågår).

    VEDTAK: Vi møtes på Brusve tysdag 16/4-24 klokka 12.00. (Samr.).

6. BUSSTUR

    Orientering v/Anton og Gunnar.

    Framlegg til tur: Frosta – 28. mai, 31. mai eller 1. juni.

    Mest truleg 31. mai eller 1. juni. Turnemnda avgjer.

7. MINNEGAVE ETTER Ola Indgaard (Frå 23/10-23)

    Orientering v/Oddny

    Vi har snakka om ein benk på Roknesvollen med namnet til

    Ola Indgaard på (minneplate/namneplate).

    Det blir arbeidd med saka.

8. VEGNAMN I KJØNSTADMARKA (Ny sak)

     Dok.: Brev/skriv frå Levanger kommune.

     Kort orientering om historielagets uttalerett i namnesaker v/Åshild.

     VEDTAK: Åshild arbeider med saka frå laget si side med hjelp av

     (Samr         Liv Kjønstad som er frå det aktuelle området.

     INFORMASJON:

  1. Delegater til årsmøtet i Nord-Trøndelag historielag
  2. Digitale søk eldre årbøker + samarbeid LHL og Biblioteket
  3. Styreweb oppdatert
  4. Kulturuke 31. mai – 9. juni
  5. Byttebøker – andre historielag
  6. Tilskottsordning –innsamling/reg. av stadnamn
  7. Utvandrerjubileet i 2025

Etter styremøte var det konstituerande møte i Bygdeboknemnda .

Møteboka godkjend.

Aa. Bjørgum Øwre, sekr. (s.), Oddny Bjøraas, (s.), Øystein Haugan (s.),

Anton Skei (s.), Einar Hojem (s.), Asbjørn Tingstad (s.),Gunnar Kjølen (s.),

Inge Bjørkli (s.), Jostein Trøite, (s.), Hilde Løvås (s.).