STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG TYSDAG 5/3 -2024
KLOKKA 15.30 PÅ BIBLIOTEKET.
Forfall: Hilde Løvås.
Underskrivne møtte.
Oddny Bjøraas, ønskte vel møtt og leia møtet.
SAKER:
1.KONSTITUERING
– Leiar: Oddny Bjøraas – årsmøtevald
– Nestleiar: Jostein Trøite
– Kasserar: Øystein Lunnan
– Sekretær: Åshild Bjørgum Øwre
b.Einar Hojem blir representant i skriftstyret
c. Hilde Løvås blir representant i medlemsbladet
d. Hogne Heir blir representant i kalenderutvalet
e. Anton Skei og Gunnar Kjølen repr. i turnemnda
2.ÅRSMØTET
Vi gjekk gjennom ein del praktiske ting, m.a. repr. i utval, (sak 1,b-c-d-e)
3.ØKONOMI
a. Status kontingent. Manglar frå 53 medlemmer.
b. Sal på Marsimartnan,- salet gjekk godt, spesielt «Hoppboka».
4.MØTE VEDR. TRYKKERI
VEDTAK: Vi tar opp saka på neste dtyremøte. Asbjørn Tingstad (redaktør)
(Samr.) blir invitert.
5. LAGER PÅ BRUSVE
Vi snakka om:
a. Arkiv – rydde
b. Lagerlokale
c. Arkivplass – Rådhuset – orientering
Det kom mange gode framlegg (målgruppe) m.v. Vi kjem tilbake til saka.
Vi tar ryddesjau tysdag 12/3 kl. ½ -11 på Brusve.
6. HEIMESIDA TIL HISTORIELAGET
a. Oppdatere funksjonalitet.
Vi bør ha eit møte med Tormod Hovd – som skal vera hjelpesmann.
VEDTAK: Møte i mai.
7. BYGDEBOKNEMNDA
Styret i bygdeboknemnda er det valde arbeidsutvalet i histtorielaget,dvs.
leiar,Oddny Bjøraas, nestleiar, Jostein Tøite, kasserar, Øystein Haugan og
sekretær, Åshild Bjørgum Øwre. (sjå sak 1).
8. ARKIVET ETTER JOHS. VONGRAVEN
Vi kjem tilbake til saka.
VEDTATT (Samr.)
9. GRAVMINNE
Vi har ei gruppe som skal arbeide med dette: Gunnar Kjølen,
Åshild Bjørgum Øwre og (H.Ven, d.2023).
Nytt medlem etter H. Ven: Hilde Løvås.
VEDTATT (Samr.)
Sakene 10-12 utsett til neste møte.
Møteboka godkjend.
Aa. Bjørgum Øwre, sekr. (s.), Oddny Bjøraas, (s.), Anton Skei (s.),
Einar Hojem(s.), Gunnar Kjølen (s.), Øystein Haugan (s.). Inge Bjørkli (s.)
Anton Skei, (s.).