Styremøte 16/3-2015

Styremøte i Levanger Historielag måndag 16/3 – 2015 kl. 1800 på Biblioteket.

Forfall: Hågen Ven.  Underskrivne møtte.

«SYKKELMØTE» – Dette er ei sak vi har støtta skulle gjennomførast og ei gruppe frå historielaget har vore med i førebuingane. Ellers har ikkje laget noko med møtet å gjera, men det er ønskjeleg at nokon frå laget møter. Vi ved Hågen Ven møte for Levanger Historielag.

SAK: 4/2015: Rekneskapsførar – kasserar for laget.
Leiar opplyste om at Ola Indgaard har sagt seg villig til å ta rekneskapsføringa for 1 år og likeins få orden på medlemslister og giroblankettar. Nestleiar har vore i kontakt med rekneskapsførar/firma om kostnader m.v. (Vedlagt notat)

I: Framlegg frå leiar:
«Ola Indgaard engasjeres som rekneskapsførar ut året 2015. Det blir tatt sikte på å engasjere rekneskapsfirma fra 2016. Det blir nedsett ei gruppe frå styret for å førebu overgangen til rekneskapsførar/firma».
Vedtatt mot 1 stemme.

II: Framlegg frå Liv Sofie Kjønstad:
«Historielaget kjøper tjenester fra ekstern og autorisert forretningsfører fra og med 2015».
Falt med 1 stemme for.

GRUPPE FOR Å FØREBU OVERGANGEN.
Valt vart:
Martin Granås, Hilde Løvås (leder) og Hågen Ven.

Møteboka opplese og godkjend.
Å. Bjørgum Øwre.

Randi Berget, Johs. Vongraven, Hallbjørn Holberg, Liv S. Kjønstad, Martin Granås og Sveinung Havik.

Styremøte 2/3-2015

Konstituerende styremøte i Levanger Historielag på Levanger Bibliotek, måndag 2. mars 2015 kl. 1800.

Aud Åse Reitan frå Levanger Museum møtte til 1. punkt for kvelden. Trekking (bilete) frå Marsimartnan.

Sak 1/15: Konstituering av styret med nemnder
1. KONSTITUERING
a) Leiar:            Johannes Vongraven       vald på årsmøtet
b) Nestleiar:      Hilde Løvås                      attval
c) Sekretær:      Åshild Bjørgum Øwre        «
d) Kasserar:      Martin Granås                     «
e) Styremedl.:    Liv Kjønstad, Sveinung Havik, Randi E. Berget og Hallbjørn Holberg

Vedr. kasserar – bokføring:
1) Vi går over til manuell bokføring.
2) Medlemslister – med kvart sitt nr.  blir sett opp.
3) Nye giroblankettar blir trykte opp med medlemsnr. på. (evt. skifte av bank)
4) Kasserar bør vere ein i styret og møte på styremøta.

Vi tar opp denne saka på styremøte 16. mars 2015.

2. REDAKSJONSNEMNDA
Sveinung Havik, Liv S. Kjønstad og Hilde Løvås. Gjenvalg.
Sveinung Havik er og redaktør for heimesida.

3. REGISTRERINGSNEMNDA
VEDTAK: Nemnda blir midlertidig nedlagt.

4. SALSNEMNDA
VEDTAK: Framlegg om at Salsnemnda blir kalla «Sals og PR-nemnd». Godkjent enstemmig.
Nemnda blir: Hågen Ven, leiar, Randi E. Berget og Hallbjørn Holberg.

5. SKRIFTSTYRET
VEDTAK: Asbjørn Tingstad, leiar, Helge Bakken, Toralf Granaune og 1 frå styret.

6. SLEKTSNEMND
VEDTAK: Birgitt Reistad, leiar, Jon S. Munkeby og Jan Kåre Løveng.

7. BYGDEBOKNEMND
VEDTAK: Johannes Vongraven, leiar, Sveinung Havik, kasserer og sekretær og Jan Kåre Løveng. Dessutan bygdeboknemnder i arbeid.

KORTSIKTIGE ARBEIDSOPPGÅVER:
– Medlemsblad nr. 1 – 2015
– Kirkegårdsvandring på Alstadhaug
– sjå vedtak frå årsmøtet for andre oppgåver.

Sak 2/15: Alstadhaugseminaret 21. juni 2015
Søknad om økonomisk støtte.
VEDTAK: Det bevilges kr. 5.000,- til Alstadhaugseminaret 2015.

Møteboka godkjent.
Hilde Løvås, Sveinung Havik, Liv S. Kjønstad, Hallbjørn Holberg, Randi Berget, Hågen Ven og Johs. Vongraven.

Årsmøte 26/2-2015

Årsmøte i Levanger Historielag 26/2-2015, kl. 1800. Stad: Hegle Grendehus.
Leiar Johannes Vongraven ønskte vel møtt.

1. Innkalling og sakliste godkjend.
    Innkalling a – gjennom LevangerAvisa og mail.
    Sakliste   b – i henhold til sakliste.

2. Konstituering
    a) Val av møteleiar: Johannes Vongraven
    b) Val av sekretær: Åshild Bjørgum Øwre

3. Årsmelding (vedlegg)
    Johannes Vongraven gjekk gjennom årsmeldinga som var utlagd på førehand og
    var utdelt på årsmøtet. Det vart opna for spørsmål og/eller kommentarar.
    Framlegg frå årsmøtet om ei tilføying vedr. tilføying at – Levanger Historielag
    er andelseigar i Roknesvollen.
VEDTAK: Med tilføyinga vedr. Roknesvollen vart årsmeldinga samrøystes godkjend.

4. Rekneskap med revisjonsrapport.
    Rekneskapen vart utdelt og den vart framlagt av kasserar Martin Granås. Det vart
    åpna for spørsmål. Møteleiar las revisjonsrapporten; «Rekneskapen revidert og funne
    i orden».
VEDTAK: Rekneskapen godkjend.

5. Arbeidsplan – 2015 (vedlegg)
    Framlegg til arbeidsplan utdelt og gjennomgått. Framlegg om tilføying av «medlems-
    møte» samstemt vedteke.

6. Budsjett (vedlegg)
    Budsjettframlegg delt ut – lagt fram av kasserar.
VEDTAK: Budsjettframlegget samstemt godkjend.

7. Kontingent.
    Framlegg frå styret:
    Kr. 150,- per person.  kr. 200,- pr. par.  kr. 250,- pr. gruppe.
VEDTATT: samstemt.

Kaff kl. 1915….

8. Innkomne forslag. Ingen

9. Valg. Sjå vedtatt med akklamasjon.

Etter årsmøtet overrekte leiar blomster til Jon Steinar Munkeby og Birgitt Reistad for det store slektshistoriske hjelpearbeidet dei gjer for historielaget.

Gunnhild Sundal  Hågen Ven  Randi Berget  Martin Granås  Johs. Vongraven  Helge Bakken  Ola Indgaard  Sveinung Havik  Sigrun Skauge  Per Amdal  Tor Falch  Jon Steinar Munkeby  Jon Oddvar Skei
Å. Bjørgum Øwre, ref.

Styremøte 26/2-2015

Styremøte i Levanger Historielag 26/2-2015, før årsmøtet, på Hegle Grendehus.

Til stades: Johannes Vongraven, Martin Granås, Randi Berget, Sveinung Havik og Åshild Bjørgum Øwre.
Saker til handsaming var: Rekneskap og budsjett. Dei andre sakene for årsmøtet var klarert på førrre styremøte (2/2-15).

Sak 58/15: Rekneskap
Kasserer la fram rekneskapen som var revidert og funne i orden.
VEDTAK: Rekneskapen med revisjonsrapport (sams.) godkjend.

Sak 59/15: Budsjett
Dok: Utarbeiddd framlegg til budsjett for 2015.
VEDTAK: Det framlagde budsjettframlegg ble vedtatt (sams.) som styret sitt framlegg for årsmøte.

Å. Bjørgum Øwre, sekr.

Protokoll godkjent og underskreve av dei frammøtte.

 

Styremøte 2/2-2015.

Styremøte i Levanger Historielag på Levanger Bibliotek, måndag, kl. 1800.
Forfall ingen.  Underskrevne møtte.

Sakliste:
                        – Årsmøtet (26/2-2015)
                        – Årsmelding
                        – Rekneskap
                        – Sykkelmøtet
                        – Martna
                        – Mail frå Størseth

SAK 52/14-15:   Årsmøtet annonsering
Vi annonserer slikg:
1) Annonse i LevangerAvisa
2) E-mail til medlemmene.

SAK 53/14-15:   Årsmelding
Årsmeldinga blir lagt ut på biblioteket. Leiaren gjekk gjennom framlegget til årsmeldinga.
VEDTAK: Det framlagde forslag til årsmelding blir godkjent som styret sitt framlegg til årsmelding.
MELDING FRA NEMNDENE
Melding var lagt fram frå
a) salgsnemnda
b) skriftstyret
c) bygdeboknemnda
Ref frå årsmøtet i Roknesvollen v/ Hilde.
FRAMLEGG TIL ARBEIDSOPPGAVER
Framlegg til arbeidsoppgåver vart gått igjennom. Endeleg framlegg blir lagt fram for årsmøtet.

SAK 54/14-15:   Rekneskap
Styret møter 26/2-15 kl. 1700 på Hegle for å gjennomgå framlegg til rekneskap.

SAK 55/14-15:   Sykkelmøte
Ansvarlege: Sveinung, Liv og Hilde.

SAK 56/14-15:   Martna
Vi har brukt å delta i martnan. Det vart diskutert kva vi har å bidra med. (Bilde – loddsal – mm.)
VEDTAK: Vi melder oss som deltakar på martnan.

SAK 57/14-15: Mail frå Størseth
Vedr. følgjande telefon frå Størseth 12. jan. 2015 om holdning av krigshelter i Levanger frå 2. verdenskrig?
VEDTAK: Saka blir oversendt det nye styret.

Åshild B. Øwre, ref.
Seinung Havik, Liv S. Kjønstad, Hågen Ven, Randi Berget, Hilde Løvås, Martin Granås og Johs. Vongraven.

Styremøte 1/12-2014

 

Styremøte i Levanger Historielag på Levanger Bibliotek, måndag 1/12-2014, kl. 1800 på biblioteket.
Forfall: Hilde Løvås, Liv Kjønstad, Randi Berget. Møtte ikkje: Martin Granås og Øystein Bergsve.
Underskrevne møtte. Dessutan møtte Einar Johannessen for orientering under sak 47.

Referat:
a. Takk frå Åsen Hist./M.lag for tilskott.
SAK 47/14: Kalkomnane.
Einar Johannessen orienterte om kva som må gjerast av ryddearbied m.v.

SAK 48/14: Årsmøtet.
Framlegg til vedtak: Vi set årsmøtet til 26. februar 2015, Hegle kl. 1800.

SAK 49/14: Frist for innsending av årsmelding fra nemndene.
Framlegg til vedtak: Vi set frist for innlevering 27/1-15 og behandling i styret 2/2-15.

SAK 50/14: Boksalget.
Ingen opplysningar – bortsett frå 19 bøker selt på Dampskipsbrygga. (Ubedne gjester på Hegle).

SAK 51/14: Trondheimsbasen.
Trondheimsbasen er oppretta av DIS-Sør-Trøndelag/Trondheim. Svært nyttig for slektsforskarar. Det er mulig å kjøpe CD som ein evt. kan ha for bruk på biblioteket for slektsforsking.
Flamlegg til vedtak: Vi kjøper CD-en. Sveinung undersøker om evt. mulighet for direkte tilknytting til nett.

Å. Bjørgum Øwre, ref.
Hågen Ven, Sveinung Havik og Johs. Vongraven.

Styremøte 3/11-2014

 

Styremøte i Levanger Historielag på Levanger Bibliotek, 6. oktober, kl. 1800. Martin Granås og Øystein Bergsve møtte ikkje. Underskrivne møtte. 

Referat.
a. Årsmøte i N-T histl. 29/11-14 kl. 1000 på Frosta.
b. Halsteinan: Johs. Vongraven har saman med repr. for grunneigaren (Levanger kommune) vore på synfaring. Meiner saka ligg godt fram i tid.

SAK 43/14: Medlemsverving.
Vedtak: Vi prøver å skaffe minst 1 medlem kvar (styret).
– Vi har vervebrosjyre/matriell til utdeling når vi har tilstelningar.
– Vi har med forslag til arbeidsplan til neste møte.

SAK 44/14: Årboka – lanseringsmøte på Hegle.
Vi er lovt boka til 12. november – vi kan da ha lanseringsmøte 13. november kl. 1900.
Salgsmesse 15. november. Hågen set opp liste over kven som skal delta på messa.
Vi sit gjerne 2 og 2 i lag.

SAK 45/14: Utsalgspris – årboka.
Vedtak: Prisen blir kr. 250,-/stk. som tidlegare. (Sams.)

SAK 46/14: Digitalisering av årboka.
Hågen Ven orienterte. Mange av årbøkene er allereie digitaliserte.
Vedtak: Vi legg ut bøkene fram til 2009. (Sams.) Vi må drøfte vidare på kva måte dette skal gjerast på.

Eventuelt:
– Helsing frå Dullum, Åsen vedr. utlovt møte som vil bli gjennomført.
– Resultatet etter Kulturminnedagen i Åsen vart godt.

Møteboka opplese og godkjent.
Å. Bjørgum Øwre. Johs. Vongraven. Hågen Ven. Randi Berget. Liv S. Kjønstad. Sveinung Havik og Hilde Løvås.

 

Styremøte 6/10-2014

Styremøte i Levanger Historielag på Levanger Bibliotek, 6. oktober, kl. 1800.
Avbud: Sveinung Havik. Underskrivne møtte. Jan Roger Sivertsen møtte under sak 39/14.

Sak 39/14: Halssteinan – avskoging.
Det er behov for å rydde bygdeborga for skog. Saka er tatt opp tidlegare men gjennom fylkesarkeolog Lars Forseth, men saka er ikkje kome lenger. Jan Roger Sivertsen og Johs. Vongraven orienterte om kva som må gjerast – og saksgang vedr. Halsteinan.
Vedtak:
Torsdag 16. oktober kl. 1000 møtes Jan Roger Sivertsen og Johs. Vongraven (samt evt. fleire frå styret) for å sjå på området.

Sak 40/14: Årboka – salg.
Boka vil vera ferdig ca. midten av november. Gjennom åra har vi hatt godt salg på «Mega». Dette fell bort i år da «Mega» er under ombygging.
Vedtak: Vi prøver salg på Coop Extra i år.

Sak 41/14: Forslag om samarbeidsprosjekt.
Dok:
Brev frå Vivi Ann Sivertsen Rotmo om samarbeid om eit arrangement om sykkelens historie.
Vedtak: Styret er positiv og inviterer Rotmo til neste møte for å diskutere saka.

Sak 42/14: Bytte av årbøker.
Hilde Løvås tok opp saka om evt. bytteavtale med Norsk Skipsfartsmuseum etter førespurnad frå dei. Hilde undersøker om det gjeld boka.
Vedtak: Vi svarer positivt for dette året.

Boka opplese og vedtatt.
Aa. Bjørgum Øwre, Johs. Vongraven, Liv S. Kjønstad, Hågen Ven, Martin Granås og Hilde Løvås