Kulturminnedagen til sjøs!

Jekta Pauline for full segl

Nord-Trøndelag kulturvernråd gjer med dette medlemslaga merksam på hausteminaret vårt på Kirknesvågen/Jekta Pauline/Venneshamn. Vedlagt ligg program for dagen.  Vi ber om at seminardagen blir gjort kjent for meldemslaga og medlemmene. 

Vel møtt på Kirknesvågen laurdag 21. september.

Beste helsing
Nord-Trøndelag kulturvernråd

Kolbein Dahle leiar                   
Jakob Bjerkem   sekr.  tlf 95 99 35 69

 

 

Nord-Trøndelag kulturvernråd
Fjordkultur

Utkast til program for seminardagen laurdag 21. sept 2013.
Kjerknesvågen/Jekta Pauline/Venneshamn

 09.15   Kaffe og registrering i Kjerknesvågen Fjordkultursenter

10.00   Velkommen v Leiar i Innherred Kystlag:  Arne Fossum

10.10   Leiar i NT kulturvernråd Kolbein DahleFjordkultur/Kystkultur/Bondekultur/

Norsk kultur

10.30   Stein ØrnhøyEi reise med Kong Oscar  frå Trondheim til Verran

Mor til Stein Ørnhøy var frå Molløra i Trongsundet.  Ho flytta tidleg til Trondheim og vart gift der.  Stein Ørnhøy har skrive ein artikkel i Årbok for Verran Historielag om gode minner frå sine barndoms turar med båt frå Trondheim til Verran.  Kåseriet bygger på dette.

11.00   Per VennesHandel, vare- og persontransport i Indre Trondheimsfjorden i eldre tid

Per Vennes er tidlegare ordførar i Mosvik kommune og er kårkall på ein av Vennesgårdane like ovafor Venneshamn.  Han er levande opptatt av den gamle fjordkulturen og vil kåsere over dette temaet.

11.45   Lunsj

12.30   Sigrun Voldset Bolås/Gunhild VoldsetOm hamner og anløpssted frå Verrabotn til Steinkjer. Dei to søstrene frå ein av Voldsetgårdane på Verrastranda vil gi glimt frå sine barndomsreiser med båt innover til m.a. Steinkjer

 13.15   Avgang med Jekta Pauline med kurs for Venneshamn:  Orientering om jekta v

Arne Fossum og Magne Letnes.

14.00   Kaffe  på Venneshamn

14.30   Karlsen:  Om handelsstaden Venneshamn.  Fam Karlsen dreiv butikk i Venneshamn gjennom tre generasjonar.  Asbjørn Karlsen eig no plassen.  Han har investert mye i å føre den gamle handelsplassen tilbake til opprinneleg stand.  Her er oppbevart handelskorrespondanse og rekneskapsbøker frå starten i 1888 og fram til forretninga vart lagt ned ca år 2000.  Her har vore dampskipsekpedisjon, poståpneri(til 1975), skomakar og  bakeri i tillegg til handelsverksemd.  Fam Karlsen vil vise rundt i butikken som no er museum.  Sjå http://www.kalsen.no/

Rune Langfjæran:  Kunstnerisk: Martin Kvennavika.  Fargar Berg på Steinkjer skreiv historiane om Martin Kvennavika.  Martin Kvennavika og hans reiser med Survikjekta har vori svært populære og står seg fortsatt godt, over 100 år etter at jekttrafikken tok slutt.  Mosvik Teaterlag held fortsatt liv i Kvennavik-tradisjonen.  Rune Langfjæran gir oss ein liten gløtt inn i jektlivet slik fargar Berg skreiv det ned i sine eventyr.

16.00   Retur til Kjerknesvågen med Jekta Pauline.  Avslutting av seminardagen

16.45   Kjem til Kjerknesvågen

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *