Medlemsmøte 13/04-10

Medlemsmøte i Levanger Historielag.

På medlemsmøte i Levanger Historielag, 13.04.2010 , vart Ola Indgaard utnemnt til æresmedlem i i laget. Møtet vart halde på Hegle Grendehus, midt i æresmedlemmen sitt ”kjerneområde.” Johannes Vongraven, formannen i historielaget, la i si grunngjeving for æresmedlemskapen spesielt vekt på det kolossale engasjementet og evna/lysta Ola har til å gå inn i dataverda i ein så høg alder. Dette har laget hatt stor nytte av. Som Vongraven sa:” Ola er både høgt og lågt, og han tar utfordringane i dataverda på strak arm.” I tillegg til dette er han rekneskapsførar på”høgt nivå.”- Ola er no som æresmedlem komen i godt selskap med Leif Kjønstad, Ivar Berre og Sidsel Wohlen.

Åsen Museum- og Historielag var invitert til møtet for å fortelje om kva som har vore/ er hovudoppgåvene i laget. Arne Langås og Olav Haugom representerte laget.- Eit kurs i registrering av gamle ting var startskottet for laget. 600-700 ting er pr i dag registrerte. Laget har lagt ned eit formidabelt arbeid med å ta vare på bygningar som viser kva som har rørt seg i lokalsamfunnet. Elva var her som mange andre stader, sjølve livsnerven. Historielaget har m.a. hand om hus som har vore brukte som fargeri, smie , butikk, meieri og kraftstasjon. Så å seie all restaurering er gjort på dugnad. Som Olav Haugom sa etter at vegger og tak i ein bygning var skifta ut: ” Vi hadde pengeutlegg berre til spiker.”
Av andre aktivitetar i laget nemnde Arne Langås eigen kalender, scanning av fotosamling og bygdedagen først i juli.- Det er utruleg kva eit relativt lite lokalsamfunn har fått til . Utan kjensla av ”å høyre til”, og utan solide, lokale støttespelarar på finanssida, har ikkje eit slikt arbeid vore mogleg.

Ola Indgaard tok oss så med til ein heilt annan kant av kommunen. Medan Åsen Historielag har lagt stor vekt på å vise oss næringssida i eit lokalsamfunn, konsentrerte Indgaard seg meir om den åndelege framvoksteren i gamle Frol. Denne ”kampen” var nok ikkje spesiell berre for Frol. Vi fann han i heile bygdenoreg.
Indgaard tok utgangspunkt i ”Samtalelaga” som voks fram frå 1870-åra. Ein kan seie at desse var ein reaksjon på ein nærmast inaktiv periode i det norske samfunnet etter Thranerørsla si tid. Samtalelaget skulle dyktiggjere bygdefolket, slik at dei fekk kunnskapar og mot til å delta i samfunnsdebatten. Det var nemleg viktig å kunne uttrykke seg godt, både munnleg og skriftleg. Alt dette var i Grundtvig si ånd.
Indgaard har gjennom tilgang til protokollen for Levanger Herred ( Frol) Samtalelag funne medlemslista for 1894. Det var 89 medlemmer i laget. 6 av desse var kvinner. Samtalelaget vart avslutta i 1897, men protokollen følgde med Hegle ungdomslag fram til 1927.
Møta i laget vart haldne på gardane eller på skolane. Jobben som møtedirigent og sekretær gjekk på omgang. Skolestellet var da som no, drøftingstema. Gjennomgangsmelodien var at skolestellet kosta for mykje. Dei same meiningane hadde mange om bygdeskikkane (gravferd, bryllaup, festar m.a.)
Ungdomslaga avløyste samtalelaga, og dei fekk stor oppslutning utover bygdene. For å sitere Indgaard:” Ungdomslaget var sjølve livet , det.” Aktivitetane var mange. Folkedans, diktlesing og amatørteater høyrde m.a. med. Møta vart haldne på grendehusa og skolane som vart bygde i første halvdel av 1900-talet. Indgaard gav til slutt ved hjelp av tekst og bilde eit greit oversyn over skolane og grendehusa i bygda.

Johannes Vongraven avslutta møtet med eit ønske om besøk i Åsen for å få ei omvising og orientering. Representantane frå Åsen slo til med glede.

H.B.

Ola Indgaad Kåserer Foto: H.Bakken

Ola Indgaad Kåserer
Foto: H.Bakken

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *